Til startsida 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Storbukken brøler.

Dei sterkaste får flest koller.

Når brunsten nærmar seg, oppsøkjer bukkane på nytt familiegruppene. Gjennom kurtise og til dels dramatiske brytekampar  med rivalar samlar kronhjortane eit harem av kjønsmodne hodyr. Den typiske hjortebrølinga  (buringa) vert utført av eldre hannar. Sjølv om både spissbukkar (1 1/2- åringar) og 2 1/2-åringar kan vere kjønnsmogne, brøler desse sjeldan. Brølinga, som kan høyrast frå slutten av september til ut i november, har ein viktig funksjon i samband med kollene si eggløysing, og kan framskunde brunsten med opp til ei veke. Sjølve parringa skjer jamnast i siste halvdparten av oktober eller første veka i november. 
I brunsttida samlar bukken harem.
 I brunsttida er bukken svært agressiv mot inntrengjarar av same kjønn. Ofte skil han ikkje mellom hjort og folk. Det er mang ein jeger som har nytta trikset med å bure eller brøle som etteraping for å lokke storbukken til seg. Dersom du klikkar her, kan du høyre ein stordalsjeger som kan kunsten.