| Tilbake
til startsida.
Borkskrelling:
- Borkskrelling og bestandtilhøve.
|
Borkskrelling.Ein delar gjerne skaden inn i to hovudtypar, etter kva tid på året den oppstår, eller rettare etter borken sin tilstand. I sevjetida vil hjorten kunne bite seg fast i tynn og mjuk bork og dra han av i lange strimlar. Dette vert gjerne kalla borkflenging. På vinterstid når borken sit fast, eller på tre med tjukk og sprø bork må borken gnagast/skavast av i mindre bitar - borkgnag. Borkgnag skjer ved at hjorten pressar tennene i underkjeven inn under borken og "høvlar" den av i stammen sin lengderetning. Merkjer etter tennene er godt synlege i nye sår. Å skilje friske skrellemerker frå andre typar borksår er som regel lett, men etter ei tid vil kvaeutflod og råte i såra gjere det vanskeleg å skilje skaden frå feieskader eller andre mekaniske skader. Ein bør likevel vere merksam på at også andre drøvtyggjarar som elg, rådyr, sau og geit et bork. For å skilje desse skadane må m.a. dyra si utbreiing, storleiken på såra, breidda på evt. tannmerker og høgd over bakken vurderast. Når sau eller geit skreller bork, vil t.d. merka etter tennene i underkjeven som regel stå skrått i høve til lengderetninga på stammen. Tannmerker etter hjort går nesten utan unnatak på langs av stammen.
Kvifor et hjorten bork?Når ein først vart merksam på hjorten si borkskrelling som skadeform, vert detnaturleg å anta at skadane primært skuldast for tette hjortebestandar og for liten tilgang til eller overbeskatting av høgare preferert beite. Det vart og hevda at skadane kun oppsto når snøtilhøva hindra beite på meir eigna vegetasjon. Ved nærare studier av skadebiletet og forsking på området, ser det ut til at ingen av desse teoriane kan forklare kvifor hjorten et bork. Borkskrelling førekjem relativt ofte, sjølv i barmarksperiodar og ved generelt sett god næringstilgang. Til dømes er det svært vanleg at borken på vindfall eller tømmer vert avgnagd.Særleg ung og tynn bork er, samanlikna med mange andre næringsemner, godt eigna som føde for hjorten. Mellom anna er det påvist at innhaldet av mineral, vitaminar, vatn og sporstoff er gunstig. Bork er også relativt godt fordøyeleg samanlikna med meire forveda plantedelar, og visse stoff i borken kan veka gunstig for vomfunksjonen. Borkskrelling ser derfor ut til å vere ein naturleg vane for hjorten, og bork utgjer i mange område eit vesentleg tilskot til kosthaldet. Utover dette kan innprega beitevaner frå kolle til kalv (vanedyr) og til ein viss grad også ytre tilhøve som stress, t.d. som følgje av menneskelege aktivitetar, ha innverknad på dyra sitt næringsval. Borkskrelling og bestandstilhøve.Borkskrelling førekjem på alle dei vanlegaste skogreisingstreslaga på Vestlandet, men skadeomfanget varierer sterkt mellom artane. Edelgran kjem også dårleg ut når det gjeld borkskrelling. Treslag som med åra utviklar skorpebark, t.d. furu, bjørk og duglas er naturleg nok kun utsette for borkskrelling i relativt ung alder. Til gjengjeld er dei gjerne særleg utsette for skader dei første 15-20 åra av omløpet. Omfanget av borkskrelling på vanleg gran vilogså til ein viss grad avta med bestandsalderen. Borktjukna aukar med diameteren, og dei mest næringsrike laga av borken (kambium og innerbork) vil dermed gradvis utgjere ein mindre del. I tillegg kan hjorten få vanskar med å gnage av den grove borken på gamle tre.Ved undersøkingar i Sogn og Fjordane har ein elles funne at kvistmengda på trea i stor grad verkar inn på skadeomfanget. Særleg friske greiner, men og tørrkvister er med å hindra at hjorten når inn til borken. Boniteten styrer i stor grad utviklinga av så vel diameter, borktjukne og kvistsetjing. God bonitet gjev lengre avstand mellom kvistkransane på trea. På gode marker har ein ofte eit relativt høgt treantal slik at trea si oppkvisting startar tidleg og åringbreidda vert redusert. Dette gjev den beste kvaliteten på tømmeret. Vidare er det kjent at borktjukna på gran minkat dess betre veksttilhøva er. Alle desse tilhøva syner at skog på god bonitet er mest utsett for skader. Alt får skogen har "slutta seg" kan borkskrelling førekome i relativt stort omfang. Etter kvart som kvistmengda på trea aukar, vil skadepresset avta. Men når oppkvistinga av stammene tek til, vil faren for skader på nytt auke inntil borktjukna til slutt avgrensar skadeomfanget. Førebyggjing av skader generelt:Av generelle tiltak for å førebyggje skader er:* Regulering av stamma ved jakt. * Spare populære beiteplanter ved skogskjøtsel. * Felle dyr som har fått for vane å gjere skade, der dei valdar skade. * Bruke lukt og smakstoff for å hindre hjorten i å gjere beiteskader på kulturskog. Hindre/førebyggje skader ved borkskrelling:* Unngå kunstig kvisting.* Plante andre grantypar enn edelgran. * Unngå tidleg tynning i felt som kan vere utsette for skader. * Vurdere lågtynning i eldre felt. * Sjå etter skader i ungskog, ( når hjorten først er begynt å beite bork i eit område, vil det ofte verte meir dersom det ikkje kan hindrast fysisk). |