| Til
startsida.
Hjorten sine biotopkrav: |
Hjorten sine biotopkrav.Beitetilpasning.Dei grunnleggjande tilpasningane legg i stor grad premissane for hjorten sitt biotopval til ulike årstider. Dei norske tilhøva med relativt korte og grøderike somrar kombinert med ein vintersesong der tilgangen på kvalitativt sett god føde er sterkt avgrensa, vert hjorten tvinga til å variere biotopvalet gjennom året. Balansegangenmellom maksimalt energiopptak (optimalt næringsval) og minimalt energiforbruk (optimalt biotopval) kan fort verte utslagsgivande for "suksess eller fiasko".Vårbiotop.På ettervinteren og tidleg på våren har hjorten ofte tilhold i nærleiken av dyrka mark, der han i tilegg til vedlikehaldsforet han finn i skogen, oftast blåbærlyng, beiter på den første groen på innmarka.Dei beste skogsbeita og kalvingsområda finnst i blandingsskog, gjerne med opne glenner/lauvskogholt kombinert med bestand av tettare barskog. Der det finst kvitveis, er dette ein høgt beskatta beiteplante på vårparten. Sommarbiotopar.Om sommaren kan ein støyte på hjort nær sagt over alt, frå kyst til innland, frå fjord til høgfjell og nær sagt alle skogtypar. Sams for alle dyra er eit konsekvent søk etter dei kvalitativt beste beiteområda. Koller og kalvar er mest avhengige av skjul, og dei finst gjerne i tettare skog og noko lågare i terrenget enn bukkane. Kollene er også i langt sterkare grad stadbundne, og held seg oftast innan eit område på 2 kvadratkilometer. Beiteområda til hanndyra kan til samanlikning omfatta inntil 16 kvadratkilometer. Sommarføda er i all hovudsak gras og urter. Blandingsskog er mest nytta, då dei vekslande lys og temperaturtilhøva der forlengjer spireperioden. I motsetnad til kva ein før har trudd, beitar hjorten heile døgeret i sommarperioden.Haustbiotopar.På haustparten vender så trekkdyra attende til parrings- og overvintringsområda i låglandet og blandar seg med dei stamfaste stammane. Etter kvart som skogsbeita taper både kvalitet og kvantitet, søkjer hjorten gjerne på nytt mot innmarka der graset står grønt etter håslåtten. Så lenge det finst tilgang på meir eller mindre halvvissent gras, utgjer dette mykje av føda saman med lyng - særleg då blåbærlyng.Vinterbiotopar.Utover vinteren vert trongen for "energiøkonomisering" stadig meir viktig. Vinterbiotopane ligg derfor i snøfattige strøk eller i barskogområde med god skjerming mot vind og med gunstige snøtilhøve.Blåbær, tytebær og røsslyng vert saman med visse lavartar og vintergrønt gras (t.d. smyle) rekna som høgt preferert vinterbeite. Men i periodar med snø, vil tilgjengelege plantar i busksjiktet av treslag som einer, selje/vier, osp, rogn, gran og furu m.fl. utgjere ein stor del av dietten. I tillegg til beiting på greiner og skot, kan hjorten ein heil del bork av trea. |