| Til
startsida.
Selektiv beiting:
Buken treng næring.
Følgjer våren.
|
Selektiv beiteing.
Gjennom såforsøk er det påvist at hjorten i denne årstida
er selektiv i val av beite. Friske unge planteskot har eit høgare
proteininnhald enn eldre plantar. Å ha tilgang til og å kunne
oppsøkje slik vegetasjon kan vere avgjerande for overlevinga til
kalvane gjennom ein vinter med knapp fødetilgang. Å oppnå
høg haustvekt vil og gje føremoner i reproduksjonssamanheng.
Bukken treng næring til brunsten.
For hanndyra er det viktig å opparbeide tilstrekkjelege feittreservar
før brunsten tek til. Gjennom ein månad i brunnsttida vil
kronhjorten forbrenne eit feittlag på opptil 13 cm målt over
krysset (bakbarten) og tape opp til 25 % av kroppsvekta. I strenge vintrar
er det derfor ofte vaksne bukkar, i tillegg til små kalvar som stryk
med. |
 |
Følgjer våren:
Etter som gras- og urtebeitet i skogen vert betre, brukar hjorten meir
og meir energi på å oppsøke dei beste beita. Det optimale
er i så fall å følgje snøsmeltinga innover og
oppover i landet. Forsking har synt at delar av hjortestamma føretek
slike beitetrekk, med påfølgjande "snøtrekk" attende
mot kysten om hausten. Dei dyra som trekkjer ut er jamt over større
om hausten enn hjort som vert ståande i kystområda heile året. |