Den øvste leiaren i ein kommune heiter
rådmann eller administrasjonssjef.
Det er han som er ansvarleg for at det som politikarane bestemmer blir
følgd opp. Han har også ansvar for å leia og koordinera
arbeidet i ein kommune. Sjølvsagt har han mange til å hjelpa
seg med dette, men dersom noko går gale i administrasjonen er det
han som har ansvaret.
Staben eller hjelparane til rådmannen vert
oftast kalla for
Sentraladministrasjonen.
og den blir igjen delt opp i fleire avdelingar,
dei mest vanlege er:
Rådmannskontoret
Sekreteriatsfunksjon for politiske utval og driv
med ekstern og intern informasjon.
Økonomikontor/kommunekassa
Utarbeider forslag til budsjett, fører
regnskapet og driv med økonomistyring. Frå dette kontoret
blir alle rekningane blir betalt og her sender dei også ut rekningar
på kommunale avgifter og gebyrer.
Under her høyrer også skattekontoret
som har ansvar for at bedrifter og enkeltpersonar betaler inn skatt til
rett tid.
Personalkontor
Tilset det personale som trengst til ein kvar
tid for å løysa dei oppgåvene ein har. Utøver
den personalpolitikken som administrasjonsutvalet har trekt opp. Handsaming
av saker som vedrører dei tilsette og passer på at lover og
regler blir følgde.
Ofte føretek også personalkontoret
lønsutbetaling, men dette arbeidet kan også liggja til kommunekassa
eller som eit eige lønningskontor.
Revisjon
Kritisk gjennomgang av regnskap og regnskap/økonomiske
rutiner
I kommunane blir dette vanlegvis utført
av ei interkommunal verksemd.
Utanom sentraladministrasjonen finn vi andre
avdelingar:
Landbrukskontor
Gjer ulike former for støtte og hjelp
til bønder og tar vare på, styrkjer og utviklar landbruket
og skogbruket. Forvaltar ein del statlege tilskotsordningar til bønder.
Næringskontor
Hjelper det lokal næringsliv med ulike
saker. Er også ei støtte og hjelp for dei som vil starta opp
med noko nytt.
Miljøavdeling
Koordinerer miljøtiltak arbeider for å
ivareta miljøet på tvers av avdelingane. Nokre stader er også
viltforvaltning og friluftsliv knyta til denne avdelinga.
Skulekontor/oppvekstetat
Administrasjon for skule, barnehage og musikkskule.
Serviceorgan for etaten.
Skule
Den obligatoriske skulen frå 1 - 10 klasse.
Skal samarbeida med heimen om læring, sjølvstendig utvikling,
trivsel og sosialt fellesskap av barn på desse klassestega.
Skulefritidsordning (SFO)
Fritidstilbod til barn i småskulen før
og etter skuletid og i skuleferiar.
Barnehage
Pedagogisk tilrettelagt tilbod for barn som ikkje
ar begynt på skulen.
PP-teneste
Pedagogisk-psykologisk teneste . Skal hjelpe
skulen og barnehagen til å utvikla gode læringstilhøve
for elevar med behov for særleg hjelp.
Musikkskulen
Pedagogisk tilrettelagt musikktilbod til barn
og unge slik at desse kan få utvikla sine musikalske eller skapande
evner.
Legekontor/senter.
Helsefagleg personell kor ein kan venda seg dersom
ein er sjuk for avtale av time til fagperson. I tillegg blir det også
utført ein del førebyggjande arbeid og rutinekontroller.
Helsestasjon
Utfører kontroll av gravide, kontroll
og vaksinasjon av barn og gjev veiledning i høve til fødsel,
stell og oppseding av barn.
Sjukeheim
Institusjon for pasienter med stort behov for
helsetenester, sjukepleie og annen omsorg.
Heimesjukepleie
Del av kommunen sin helseteneste som gjer pleie
i heimen. Skal avlasta heimane og førebyggje innlegging i sjukehus
eller sjukeheim. Blir ofte tilbydd i kombinasjon med heimehjelp - som blir
gitt til heimar som treng ulik hjelp med daglege gjeremål.
Sosialkontor
Administrasjon av diverse stønader til
personar som ikkje har nok pengar til eige livsopphald.
Barnevern
Dei tiltak som den kommunen set i verk for å
hjelpa barn i vanskar, som regel barn i familiar med sosiale problem.
Kulturhus/kino
Møtestad for ungdom, kulturelle foreiningar,
musikkmiljø og liknande.
Syner kinoforestillingar.
Bibliotek
Samling av bøker og andre media som kommunen
sine innbyggjarar kan låna.
Ungdomsklubber
Organisert fritidsaktivitetar for ungdom, leia
av ein eller fleire vaksne.
Teknisk
etat
Kommunal etat med ansvar for den tekniske sida
av kommunen sin verksemd, vann og avløp, gater og vegar, vedlikehald
av bygningar, renovasjon, brannvesen etc.
Hamnevesen
Har ansvar for landet sine hamner. Hamnevesenet
i mange kommunar får store inntekter gjennom hamneavgiftene.
Lokale offentlege kontor som ikkje er kommunale:
Det er viktig å merka seg at det er ein
del lokale offentlege kontor som ikkje er kommunale slik
som:
Likningskontoret
Lensmannskontoret/politi
Trygdekontor
Prestekontor
Kyrkjekontor
Politisk
styring Hovudsida
Kommunal ordliste