Innleiing 
Kva er ein kommune? 
Kommunens oppgåver 
Kven gjer kva? 
Politisk styring   
Organisering 
Kommunal ordliste   
Statistikk 
Lenker til andre sider 
 

Til hovudsida  

 
 
 
Skriven av Jorunn Birkeland.  
Kontakt meg gjerne dersom du har kommentarer
 


Kommunal ordliste 
    Kommunal forvaltning er full av ord og uttrykk som ikkje alltid er så lett og forstå. Her er ei samling av ein del slike. Lista er ikkje uttømmande men vil sannsynlegvis dekka eit visst behov. 
     
     
     
    Ord/utrykk 
     
    Forklaring 
     
    Administrasjonssjef Øvste leiar i kommunen, det same som rådmann.
    Anke 
     
    Klage eller innvending. Blir brukt om klage på offentleg sakshandsaming i ulike samanheng. 
    Arealplan Plan for kva man skal bruka visse område til. 
    Arkiv Oppbevaringsstad for dokument, brev og liknande. Kommunane er pliktige til å ha eit arkiv og det er visse regler knyta til eit slikt arkiv. 
    Avgifter Viktig kommunal inntektskjelde. F.eks vannavgifter og kloakkavgifter.
    Avstemming Verkemiddel for eit kommunalt organ til å tak ein avgjer i ei sak. 
    Brukar Person som nyttar seg av kommunalt/offentleg tilbod 
    Budsjett Oppsett plan over forventa utgifter og inntekter i ei verksemd 
    Bydelsutval 
     
    Politisk oppnemnd utval i ein geografisk del av kommunen. Blir mest brukt i større byer. 
    Byråkrati Styringsapperat. Blir ofte brukt i negativ tyding - tungrodd, embetsmannsvelde
    Bystyre  Anna namn for kommunestyre i kommunar med bystatus, f.eks Oslo bystyre. 
    Delegering Overdraging. Å overlate ein klar definert mynde og eit ansvar til ein annan/andre. Politikarane delegerer ofte ein stor del av oppgåvene til administrasjonen.
    Eigenandel Den del at dei reelle utgiftene for ein teneste som brukaren må betala. F.eks eigendel for lege, heimehjelp. 
    Etikk Morallære. Blir i det offentlege brukt om skrivne og uskrivne regler for korleis politikarar og tilsette bør utføra sine oppgåver. 
    Familiebarnehage  Barnehage. Ein slags offentleg dagmammaordning for eit eller fleire barn i eigen heim. 
    Folkevald  Representant for Stortinget, fylkestinget eller kommunestyret som blir vald direkte av folket i val. 
    Foreldreråd Det skal vera eit foreldreråd ved kvar skule. Alle foreldre som har barn på skulen, er medlem av dette rådet. 
    Fortruleg "Hemmeleg" Ei sak eller saksopplysning som ikkje skal refererast til uvedkommande, 
    Forvaltning  Den utøvande verksemd som blir utført av offentleg administrasjon i stat. fylkeskommune eller kommune. 
    Fylkesmann  Staten sin representant i fylket. Fører tilsyn med kommunane. godkjenner årsbudsjett og låneopptak.. Klageinstans
    Fådelt skule Skule der to eller fleire klassetrinn får undervisning i saman. 
    Gruppemøte Møter som eit parti si gruppe eller fraksjon (del av partiet) har forut for møter i f. eks kommunestyre. 
    Heradsstyre 
     
    Gammalt namn for kommunestyre i landkommunar.
    Heraldikk Læren om skjoldmerker, våpenmerker, familievåpen og kunsten å utforma slike. Aktuelt i samband med utarbeiding av kommunevåpen 
    Høyring Omfattande system for innhenting av reaksjonar og uttale frå berørte partar i ei sak, offentleg utredning, lovforslag og liknande. 
    Inhabil  I kommunal forvaltning er personer inhabile dersom dei har personlege interesser i ei sak, eller er i slekt med eller står i nært vennskapsforhold til ein av partane. 
    Innsynsrett Den enkelte innbyggjar si rett til å gjera seg kjent med opplysningar i offentlege arkiv. 
    Investera 
     
    Setta inn og binda opp ressursar - for eksempel pengar, tid, arbeidskraft - i eit bestemt formål.
    Kemner  Gammal tittel på kommunal tenestemann som krev inn kommunale skattar og avgifter. - er framleis i bruk ein rekke stader. Blir som oftast kalla kommunekasserar. 
    Kommunal og regionaldepartementet Departementet med ansvaret for spørsmål som gjeld arbeidsmarknaden, samane, innvandrarar, arbeidsmiljø, tryggleik på kontinentalsokkelen, tariffkonflikter og mekling, bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvalting og gjennomføring av val. Departementet sine arbeidsoppgåver varierer med politiske 
    prioriteringar og aktuelle samfunnsproblem og utfordringar.
    Kommunaldirektør Blir brukt i større bykommunar. Administrativ leiar for ein verksemd i kommunen. 
    Kommunalråd Heiltidstilsett politikar. Blir brukt i større bykommunar. Blir fordelt mellom partia i forhold til deira oppslutning ved sist kommuneval. Ein kommunalråd er som regel leiar i eit hovudutval. 
    Kommune Eit geografisk avgrensa område med eigen valde representantar og eigen organisasjon for å løysa ein del felles oppgåver. Er i utgangspunktet underlagt staten, men har fått delegert mynde til å avgjerda somme lokale saker. 
    Kommunegrenser Blir regulert av staten. Kjelde til sterk lokal motstand og strid. sjå også kommunesamanslåing 
    Kommunelege Kommunalt tilsett lege med det faglege ansvaret for helsetenestene i kommunen.
    Kommunenes  
    Sentralforbund
    Forkorta KS. Medlemsorganisasjon for kommunar og fylkeskommunar. 
    Kommunenummer 
     
     
    Kvar kommune har eit eige kommunenummer på fire siffer. Dei to første siffera viser til kva fylke kommunen ligg i. Her er ein oversikt.
    Kommuneplan  Plan for å utføra ein løpande planlegging for å samordna fysisk, økonomisk og sosial utvikling i ein kommune. 
    Kommunesamanslåing Prosess der to eller fleire kommunar blir slått saman til ein. 
    Kommunevåpen Kvar kommune har sitt eige våpenmerke. Det finnes eit sett allment aksepterte regler for konstruksjon av slike våpen, bl.a. at det bare skal bestå av eit motiv. Skal godkjennast av statleg instans. 
    Du kan sjå ein samling av slike på hovudsida. 
    Lover Det er ei mengd med lover som styrer kommunane sitt arbeid, dei viktigaste er: kommuneloven, offentleghetsloven, forvaltningsloven, 
    Mindretal Blir ofte brukt i politisk samanheng om den part eller gruppe som ikkje vinn fram med sitt syn
    Norges Kommunalbank Statsbank som gjer lån og garantier til kommunar.
    Postarkiv 
     
    Register for å ta vare på alle brev og dokument som går inn og ut frå ein kommune. Dokumenta blir sidan arkivert etter standarkodar som gjeld for alle kommunar. 
    Privatisering Bortsetting av offentlege tenester eller eigendom til private
    Replikk Når ordet blir gitt utanom ordinær taleliste, som direkte tilsvar til eit føregåande innlegg.
    Saksbehandlar  Blir i kommunal samanheng brukt om tenestemann som førebur saker og kjem med forslag til vedtak eller avgjerd.
    Skatteinngang  Den samla inntekta ein kommune eller staten har frå sine skattytarar.
    Sosialstønad Økonomisk hjelp til personer som ikkje har nok pengar til eige livsopphald. Stønaden kan gis som bidrag, lån, garanti for lån eller som varer og tenester.
    Varaordførar Blir vald av kommunestyret, ordføraren sin stedfortreder.
    Votering Avstemming. Det å stemma.
    Økonomiplan Plan over økonomien og økonomiske prioriteringar for dei neste fire åra. Blir vedtatt av kommunestyret kvart år.
    Økonomistyring  Tiltak for å halda kontroll med inntekter og utgifter
    Årsmelding Skriftleg rapport om resultata av (her: ) kommunen sitt arbeid eller drift i eit år.
    Årsrekneskap Regnskap for eit år
     

     Organisering          Hovudsida         Statistikk