Innleiing
Kva er ein kommune?  
Kommunens oppgåver 
Kven gjer kva? 
Politisk styring 
Organisering 
Kommunal ordliste
Statistikk   
Lenker til andre sider 
  
   
 

Til hovudsida  

 
 
 
 
Skriven av Jorunn Birkeland.  
Kontakt meg gjerne dersom du har kommentarer. 
 


Kommunen sine oppgåver 
    Kommunen møter oss i alle stadier i livet; ved fødsel, i oppveksten, i arbeid og fritid, under etablering, i alderdommen og ved slutten av livet. Kommunen har ansvare for eit mangfald av oppgåver, og er ein stor tenesteprodusent.  

    På ein enkel måte kan vi sei at kommunen yt tenester og service til innbyggjarane frå fødsel til død.  

    Ein kommune har som sagt mange oppgåver, og omfanget vil variera etter kor stor kommunen er, geografisk plassering og næringsgrunnlag. 

    Ein del av kommunen sine oppgåver er lovpålagde, det vil sei at det er ein lov som bestemmer at alle kommunar skal utføra den type oppgåver.  

    Eksempel på slike lovpålagde oppgåver er: 

         grunnskule 
         legeteneste 
         helsesysterteneste 
         heimesjukepleie 
         sjukeheim 
         utarbeida kommuneplan og reguleringsplan 
       
    Kommunane utfører også ein del oppgåver som ikkje er lovpålagde så som 
       kino 
       byggje idrettsanlegg 
       sikra friluftsområde 
       barnehagar 
       landbruksvikar 
       gje ut bygdeblad/avis
     
    Det er nødvendig å skilja mellom oppgåver som er lovpålagde og oppgåver som ikkje er lovpålagde. I økonomisk tronge tider kan politikarane dermed vedta å leggja ned oppgåver som ikkje er lovpålagde, men dei kan sjølvsagt ikkje leggja ned dei oppgåvene som er lovpålagde. 

    Det er også viktig og nemna at det er ein del oppgåver kommunane ikkje kan ta seg av, oppgåver som høyrer andre offentlege forvaltningsnivå til. F. eks kan ikkje ein kommune vedta og oppretta eit eige politikorps, for det er staten sin oppgåve. Kommunen kan heller ikkje vedta å byggja vidaregåande skule eller sjukehus for det er det fylkeskommunen som tar seg av. 

    Det er klart definert i lover kva for oppgåver som dei ulike offentlege forvaltningsnivå skal løysa. Vi kan bruka opplæring som eksempel; det er kommunen som tek seg av grunnskulen, fylkeskommunen tar seg av vidaregåande skular og staten tar seg av høgskular og universitet 
     
     

     Kva er ein kommune?     Hovudsida       Kven gjer kva?