SAMFUNNSFAG
Felles mål for faget | Mål for 1.-4. klasse | Mål for 5.-7. klasse | Mål for 8.-10. klasse
INNLEIING
Faget sin plass i skulen
Eit levande folkestyre har som føresetnad at medlemmene i samfunnet kjenner til og sluttar opp om grunnleggjande demokratiske verdiar. Kvar ny generasjon må lære å ta del i prosessane og ha evna til å halde i hevd demokratiske spelereglar på ulike samfunnsområde. Alle elevane er samfunnsmedlemmer og skal etter kvart på ulikt vis ta del i utforminga og styringa av samfunnet. Samfunnsfaget tek sikte på å førebu elevane på ulike oppgåver i samfunnet ved å gi dei kunnskap, tru på sitt eige verd og lyst til å ta på seg oppgåver til beste for fellesskapet. Det må skje i nært samarbeid med samfunnet utanfor skulen.
Kjennskap til fortida knyter menneska saman over tid. Denne kjennskapen er nødvendig for å kunne forstå og vurdere samtida og er ein viktig reiskap til å planleggje framtida med. Samfunnsfaget viser korleis menneska i møte med naturen og med kvarandre har utvikla ulike samværs- og samfunnsformer. Å utvikle eit reflektert forhold til samfunnet i fortid og notid er eit sentralt mål for samfunnsfaget.
Samspelet mellom økonomi, økologi og teknologi er viktige utfordringar i vår tid. Samfunnsfaget må derfor utvikle innsikta og interessa hjå elevane for samspelet mellom menneske og natur og auke medvitet deira om livsvilkåra og levekåra til menneska.
Informasjonstrykket i samfunnet har auka sterkt, og dei som er unge i dag, får mange og ofte uoversiktlege inntrykk. Bruk av ulike medium gir eit godt utgangspunkt for arbeidet med samfunnsfag. Det skal hjelpe til å gi elevane overblikk og perspektiv, og øve dei til å bli kritiske og medvitne mediebrukarar.
Arbeidsmåtar i faget
Arbeidsmåtane i samfunnsfaget må gi elevane høve til å utvikle fagleg innsikt, dugleik og samarbeidsevne og førebu dei til handling. Arbeidet må stimulere til undring og til å kunne stille spørsmål. Ein kan ta i bruk historiske kjelder, forteljingar og ulike framstillingar, utvikle og bruke spørjeskjema, intervju, systematiske observasjonar og samle inn materiale. Målet er også å utvikle evna til å lese, tolke og bruke kart. Elevane skal få trening i å bruke tabellar og grafiske framstillingar. For arbeidet i samfunnsfag er skulebiblioteket ei nyttig informasjonskjelde.
Elevane må også få høve til å lære å argumentere, øve seg i kritisk analyse, sjølvstendig arbeid og erfare korleis dei organiserer eit arbeid saman med andre. I samfunnsfag er rollespelet og andre dramafaglege arbeidsmåtar nyttige innfallsvinklar til læring.
På småskulesteget skal elevane arbeide med nærmiljøet, utforske og finne ut av forhold og fenomen i den nære verda. Dei skal fortelje og få fortalt, og leiken er ei viktig kjelde til læring på dette steget. Elevane bør få besøk på skolen av personar som kan fortelje om spesielle hendingar og opplevingar.
Fleire arbeidsmåtar på småskulesteget gjeld òg på mellomsteget. I tillegg skal elevane her gjere meir systematiske observasjonar, registrere og sortere dei. Elevane skal òg utfordrast til å tenkje over og forklare resultatet av ulike observasjonar og innsamlingsarbeid, og dei skal få høve til meir lesing og samarbeid.
På ungdomssteget blir det dessutan stilt krav til å formulere problemstillingar, analysere og tolke ulike kjelder og å forklare og vurdere. Elevane skal få øving i å diskutere og oppleve verdien av kompromiss. Dei skal òg få erfare viktige praktiske, demokratiske arbeidsmåtar i skulekvardagen. Elevane må få lære å setje seg mål, finne vegar til målet og ta standpunkt i omstridde saker og verdispørsmål.
Samfunnsfaget byggjer gjennom heile skulegangen på nær kontakt og samhandling mellom skulen og lokalsamfunnet og har som føresetnad ein omfattande bruk av døme og illustrasjonar frå nærmiljøet til elevane. Heimstaden er eit viktig utgangspunkt for å utvikle innsikt i samfunnet. Lokalsamfunnet opnar for å praktisere samfunnsfaglege arbeidsmåtar og for øving i å arbeide etter demokratiske prinsipp og spelereglar. Gjennom aktivt arbeid i styre og stell i elevråd og i andre samarbeidsorgan blir skulearbeidet i utvida meining ein viktig del av opplæringa i samfunnsfag.
Informasjonsteknologien opnar for andre og nye arbeidsmåtar i faget. Han gjer det mogleg for elevane å delta i eit større fellesskap gjennom å kommunisere med menneske frå store delar av verda og innbyr på denne måten til sjølvstendig læring.
Strukturen i faget
I læreplanen for samfunnsfag er mål og hovudmoment ordna etter dei tre disiplinane historie, geografi og samfunnskunnskap.
Historie tek for seg tidsdimensjonen, drøftar ulike syn på mennesket og ulike typar samfunn til ulike tider, og tek opp drivkrefter som har påverka samfunnsutviklinga gjennom tidene.
Geografi tek for seg romdimensjonen og endringar i rommet, lokalisering og utbreiing på jordoverflata av naturlege og menneskeskapte fenomen og prosessar. Geografi drøftar og forklarer samfunnet i skjeringspunktet mellom menneske og natur og gir oversyn over livsvilkår, levevis og levekår på jorda.
Samfunnskunnskap tek for seg politikk og sosialisering og viser korleis samfunnet treng reglar og lover, organisering og styring for å kunne fungere. Samfunnskunnskap arbeider med mellommenneskelege samspel og konfliktar og drøftar rettar og plikter, påverknader og utfordringar som den einskilde møter som deltakar i ulike samfunn.
På småskulesteget er dei samfunnsfaglege momenta i stor grad integrerte delar av breie, tverrfaglege emne. Seinare i skulen står dei tre deldisiplinane etter kvart meir tydeleg fram kvar for seg. Samstundes bør arbeidet i faget heile vegen ta sikte på ein heilskap av historie, geografi og samfunnskunnskap.
FELLES MÅL FOR FAGET
Opplæringa i faget har som mål
at elevane utviklar og tileignar seg kunnskap om livet og virket til menneska i fortid og notid, og kan sjå levekåra i samanheng med naturgitte og menneskeskapte forhold og forstå og gjere greie for endringar i levekår
at elevane utviklar medvit om mangfaldet på kloden, og korleis dei kan forme og påverke framtida gjennom arbeid med historiske utviklingslinjer: forholdet mellom menneske og natur, variasjonar i levekår i ulike samfunn og korleis dei vala menneska gjer i dag, kan påverke framtida
at elevane utviklar evna til å vurdere sosiale og politiske utfordringar lokalt, nasjonalt og globalt
at elevane utviklar interesse for å skaffe seg kunnskap om samfunnslivet og kunne ta aktivt del i oppgåver dei møter
at elevane utvikler forståing for tenkjesett og levevis i andre kulturar i fortid og notid
MÅL OG HOVUDMOMENT
Mål for småskulesteget, 1.-4. klasse
MENNESKE OG SAMFUNN F&OSLASHR OSS
Elevane skal lære at levekåra for menneska har endra seg gjennom tidene. Dei skal kjenne til nære forhold, fjerne land og viktige hendingar og kjende personar i historia. Gjennom arbeidet med fortida skal elevane utvikle identitet, sjå det nære og lokale i perspektiv og få stimulert lesetrongen.
&ARING ORIENTERE SEG I OMVERDA
Elevane skal lære å kjenne dei nære omgivnadene sine. Dei skal etter kvart også møte folk og forhold både i Noreg, Europa og andre verdsdelar.
INDIVID OG SAMFUNN
Elevane skal utvikle innsikt i forhold som påverkar samspelet mellom enkeltmennesket og omverda. Dei skal få røynsle med grunnleggjande reglar og normer for omgang med andre.
Hovudmoment for 1.-4. klasse
1. klasse/førskulen
MENNESKE OG SAMFUNN F&OSLASHR OSS
I opplæringa skal elevane
arbeide med til dømes biletbøker, familiebilete, filmar og samtale med eldre menneske for å bli kjende med korleis folk levde for ein til to menneskealdrar sidan
høyre om framståande kvinner og menn i historia til landet vårt, som til dømes dronning Ragnhild og sonen Harald Hårfagre
samtale om kvifor vi feirar 17. mai og bli kjende med at andre land òg har nasjonaldagar
&ARING ORIENTERE SEG I OMVERDA
I opplæringa skal elevane
bli kjende med skulen og lære å kjenne nærmiljøet
bruke naturen og greie ut om landskapsformer, som til dømes ås, skog og slette
lære å kjenne geografiske namn på til dømes heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet som dei bur i, eller som familien kjem frå
bruke globus og bøker, og samtale om folk og språk i ulike delar av verda, mellom anna samane
INDIVID OG SAMFUNN
I opplæringa skal elevane
lære om ulike familietypar og slektningar og at måten samliv og familiestrukturar er ordna på, varierer frå land til land og over tid
gjere seg kjende med skulen, kvifor vi har skule, og oppgåvene og rollene til dei som arbeider der. Samtale om reglar dei må følgje på skulen, og om korleis dei ønskjer at samværet skal vere i klassen
øve seg i å ferdast trygt i trafikken og i å te seg slik i skule og fritid at dei ikkje set tryggleiken i fare for seg sjølve eller andre
2. klasse
MENNESKE OG SAMFUNN F&OSLASHR OSS
I opplæringa skal elevane
lære å kjenne historiske minnesmerke og arbeide med fortidsleivningar for å utvikle interesse for historia til heimstaden
bli kjende med landa i Midtausten gjennom å høyre om til dømes faraoar, pyramidar og sfinksar
&ARING ORIENTERE SEG I OMVERDA
I opplæringa skal elevane
arbeide med omgrep som til dømes sol, jord, måne, år, månad, dag og natt
finne ut kva himmelretningar er og korleis kjennskap til dei kan nyttast, bli kjende med omgrep som polar og ekvator og høyre om polferder
INDIVID OG SAMFUNN
I opplæringa skal elevane
praktisere enkle reglar for skikk og bruk som til dømes å komme i tide, høyre etter, gjere det ein har lova, og ta omsyn til andre
bli kjende med at skulen har eit reglement, at vegtrafikken og anna ferdsel, til dømes på sjøen og i lufta, har sine regla, og at samfunnet har lover
arbeide med og samtale om inntrykk og opplevingar dei har fått frå til dømes vekeblad og teikneseriar, radio og fjernsyn, video og datanett
vinne erfaring med å lage og bruke reglar i leik og andre aktivitetar
3. klasse
MENNESKE OG SAMFUNN F&OSLASHR OSS
I opplæringa skal elevane
bli kjende med mytar, segner og eventyr og finne ut om dei kan fortelje noko om historia vår
lære noko om dei store elvane, og om korleis menneska til ulike tider har nytta dei til samferdsel og energikjelder, og om bygging av bruer og sluser
&ARING ORIENTERE SEG I OMVERDA
I opplæringa skal elevane
bli kjende med geografiske storformer som fjell, fjordar, dalar, kyst og innsjøar, til dømes på bilete, på kart eller på tur
trene seg i å finne heimkommunen, heimfylket og landet sitt på kartet. Arbeide med enkle kartskisser, modellar eller teikningar av nærmiljøet
"reise" på globusen eller kartet og følgje til dømes reisene til Leiv Eiriksson eller Columbus
INDIVID OG SAMFUNN
I opplæringa skal elevane
planleggje og gjennomføre ein tur, utforme reglar for korleis dei skal te seg på turen
erfare kva det vil seie å ha eit ord med i laget når avgjerder skal fattast i skolekvardagen, og at reglar kan endrast
arbeide med barna sine rettar, korleis dei blir utvida med alderen, høyre om at alle menneske har visse felles rettar, arbeide med konfliktar og drøfte korleis dei kan løysast
4. klasse
MENNESKE OG SAMFUNN F&OSLASHR OSS
I opplæringa skal elevane
høyre om dei første menneska som kom til landet vårt etter istida og lære om korleis steinaldermenneska i Noreg, Norden og Europa levde
bli kjende med korleis menneska lærte å dyrke jorda og bruke husdyr og nytta plog og sal, vasshjul og vindmøller
&ARING ORIENTERE SEG I OMVERDA
I opplæringa skal elevane
bli kjende med geografiske omgrep som tidssoner, lengde- og breiddegrad
få kunnskap om det einaste urfolket i landet vårt, samane, gjennom til dømes bilete, film, litteratur og forteljingar
samtale om og samanlikne liv og virke i vårt eige land og land i andre delar av verda som dei har møtt i bøker, medium eller på reiser
orientere seg på globusen og kartet og finne fram til verdsdelane og verdshava og lære omgrep som til dømes kanal, sund og halvøy
INDIVID OG SAMFUNN
I opplæringa skal elevane
bli kjende med lover og reglar på ulike nivå frå skulereglement til Grunnlova og Samelova
gjere seg kjende med kulturtilbod og fritidsaktivitetar i nærmiljøet. Arbeide med omgrep som lag, foreining og medlem og lære om korleis ein til dømes kan lage ein klubb eller ei foreining med eigne reglar og kanskje hemmeleg språk eller skrift
samtale om å dele ansvar mellom jenter og gutar, kvinner og menn i heim og samfunn
gjere seg kjende med innvandringa til Noreg i vår tid og lære noko om utvandringa frå Noreg i førre hundreåret. Kunne utvikle toleranse overfor menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader
diskutere normer for mediebruk med lærarar og foreldre/føresette
HISTORIE - FR&ARING DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG &ARINGR 1750
SAMFUNNSKUNNSKAP - MENNESKET I M&OSLASHTE MED SAMFUNNET
Hovudmoment for 5.-7. klasse
5. klasse
HISTORIE - FR&ARING DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG &ARINGR 1750
SAMFUNNSKUNNSKAP - MENNESKET I M&OSLASHTE MED SAMFUNNET
6. klasse
HISTORIE - FR&ARING DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG &ARINGR 1750
SAMFUNNSKUNNSKAP - MENNESKET I M&OSLASHTE MED SAMFUNNET
7. klasse
HISTORIE - FR&ARING DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG &ARINGR 1750
SAMFUNNSKUNNSKAP - MENNESKET I M&OSLASHTE MED SAMFUNNET
skaffe seg oversikt over internasjonalt arbeid for menneskerettar. Søkje informasjon om det arbeidet FN og andre organisasjonar gjer, bli kjende med bakgrunnen for og innhaldet i FNs barnekonvensjon, ILO-konvensjonen som omhandlar rettane til urbefolkninga, og ta del i praktisk hjelpearbeid
Mål for ungdomssteget, 8.-10. klasse
HISTORIE - HOVUDLINJER FR&ARING OM LAG 1750 OG FRAM TIL V&ARINGR TID
Elevane skal utvikle oversikt over historiske hovudlinjer i tida frå omkring 1750 og fram til i dag. Dei skal kunne greie ut om og vurdere samanhengar, likskapar og ulikskapar i samfunnsutviklinga i ulike land og verdsdelar. Dei skal finne årsaker til og følgjer av viktige historiske hendingar. Dei skal arbeide med, analysere og vurdere historiske kjelder og ulike historiske framstillingar.
GEOGRAFI - EI VERD AV LIKSKAP OG ULIKSKAP
Elevane skal kunne gjere greie for og forklare variasjonar i livsvilkår og levekår og vurdere prosessar som endrar dei. Elevane skal kunne forstå og forklare geografiske fenomen og prosessar og kunne orientere seg lokalt, nasjonalt og globalt.
SAMFUNNSKUNNSKAP - DELTAKING OG STYRING
Elevane skal bli fortrulege med si eiga utvikling og ha kjennskap til rettar og plikter som individ og samfunnsmenneske. Dei skal ha innsikt i retningslinjer og idégrunnlag for politisk virke i eit demokratisk samfunn. Elevane skal utvikle interesse for og få øving i demokratiske arbeidsmåtar og aktiv deltaking i samfunnet. Dei skal utvikle evne til sjøvstendig og kritisk tenking og gjere grunngitte val i verdispørsmål.
Hovudmoment for 8.-10. klasse
8. klasse
HISTORIE - HOVUDLINJER FR&ARING OM LAG 1750 OG FRAM TIL V&ARINGR TID
I opplæringa skal elevane
finne ut korleis Noreg fekk grunnlova si i 1814 og korleis grunnlovsvedtaket har påverka utviklinga i landet vårt. Lære om samanhengar mellom idear og krav bak den amerikanske fridomskampen, den franske revolusjonen og den norske grunnlova
vinne innsikt i korleis kampen om makt mellom Storting og regjering førte til parlamentarisme og la grunnen for dei politiske partia. Lære om kampen for allmenn røysterett for menn og kvinner, og framvoksteren og følgjene av arbeidarrørsla og kvinnerørsla. Bli kjende med hovuddrag ved utviklinga av dei andre nordiske samfunna
diskutere idear og krefter som førte til framvoksteren av nye nasjonalstatar i Europa, og til oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige i 1905. Undersøkje korleis desse historiske hendingane har inspirert målarkunst, litteratur, arkitektur og musikk. Arbeide med omgrepa fedrelandskjærleik, nasjonal identitet og nasjonalisme
gjere seg kjende med endringane i maktforholda, i næringslivet og i kvardagslivet som den industrielle revolusjonen førte med seg, mellom anna for klasseforholda, utvandring og helse
finne fram til grunnleggjande trekk ved og ulike syn på imperialismen som økonomisk og politisk system. Reflektere over følgjene av europeisk, amerikansk og japansk imperialisme
GEOGRAFI - EI VERD AV LIKSKAP OG ULIKSKAP
I opplæringa skal eleven
arbeide med naturgrunnlaget - jorda som del av universet, dei indre og ytre kreftene til jorda, rørslene i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon. Undersøkje korleis ulike landskap blir danna
øve seg i å sjå samanhengar mellom natur og samfunn, utvikle innsikt i at menneska er avhengige av naturgrunnlaget og korleis menneska påverkar og endrar det. Gjere seg kjende med debatten om og få høve til å avklare eigne haldningar til desse spørsmåla
skaffe seg oversyn over geografiske hovuddrag lokalt og i landet i det heile. Orientere seg lokalt og arbeide med å lokalisere dei store viddene, kjende fjell, innsjøar, elvar, fjordar og brear i Noreg. Øve seg i å plassere fylka og dei største byane på kartet
SAMFUNNSKUNNSKAP - DELTAKING OG STYRING
I opplæringa skal elevane
samtale om og vurdere omgangsformer og åtferdsnormer mellom jamaldrande og i familie, skole og nærmiljø. Gjere seg kjende med og drøfte rettar og plikter for barn og unge. Få erfaring med å planleggje økonomien sin og styre forbruket sitt
undersøkje lokalt lags- og foreiningsarbeid og politisk verksemd i kommunen. Planleggje og gjennomføre arrangement basert på reglane for god møteskikk
gjere seg kjende med korleis kommunar og fylkeskommunar er organiserte. Hente informasjon om og drøfte saker som kommunestyret behandlar, til dømes vitje eit kommunestyremøte. Utforske arealbruk i kommunen og følgje ein planprosess
søkje informasjon om det lokale arbeidslivet, organisasjonane i arbeidslivet og ulike forhold som påverkar arbeidsplassar og næringsliv i lokalsamfunnet
9. klasse
HISTORIE - HOVUDLINJER FR&ARING OM LAG 1750 OG FRAM TIL V&ARINGR TID
I opplæringa skal elevane
skaffe seg kunnskap om auken i verdshandelen, korleis det har gjort landa økonomisk avhengige av kvarandre og endra dei sosiale forholda og klasse- og lagdelinga innanfor landa
arbeide med den kommunistiske revolusjonen i Russland og utviklinga av kommunismen og sosialismen i Europa og Noreg
reflektere over idégrunnlaget for fascismen og nazismen slik at dei kan utvikle ei medviten haldning til desse ideologiane og moderne utløparar av dei
arbeide med krefter, konfliktar og val som førte til dei to verdskrigane, og samanhengar mellom dei. Gjere seg kjende med gangen i krigane og vurdere følgjene av dei
søkje informasjon frå ulike kjelder som til dømes eldre menneske, museum, krigsminnesmerke, skrivne framstillingar, film og informasjonsteknologi. Arbeide med hendingar i Noreg frå den andre verdskrigen. Bli kjende med følgjer av krigen for sin eigen kommune og landsdel og for landet i det heile
få innsikt i utviklinga av norsk politikk overfor samar og kvener og i endringar i grunnsyn som har prega denne politikken. Undersøkje kva for verknad politikken til storsamfunnet har hatt og har for urbefolkninga
- få kjennskap til kva Lappe-codicillen frå 1751 har hatt å seie for utviklinga av det samiske samfunnet
GEOGRAFI - EI VERD AV LIKSKAP OG ULIKSKAP
I opplæringa skal eleven
utvikle kjennskap til korleis menneska nyttar naturgrunnlaget til å skaffe seg mat, energi og andre varer. Bli kjende med ulike typar produksjon og øve seg i å bruke inndelinga i dei tre hovudtypane av næringar: primær-, sekundær- og tertiærnæring og korleis dei er endra over tid
vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det får for miljø og samfunn og konfliktane dette skaper. Arbeide med omgrepa gjenbruk og resirkulering, kunne utvikle eit nyansert og realistisk syn på kva som er teknisk mogleg, og på grenser for den teknologiske utviklinga
kunne utvikle oversikt over geografiske hovuddrag i Europa. Øve seg i å lokalisere dei viktigaste regionane, landa og byane i Europa, dessutan tilgrensande havområde, store fjellkjeder, innsjøar, øyar og elvar
SAMFUNNSKUNNSKAP - DELTAKING OG STYRING
I opplæringa skal elevane
skaffe seg innsikt i følgjer av rusmiddelbruk og røyking. Inviterast til å samarbeide om eit røykfritt miljø. Drøfte haldningar til fråhald, måtehald og misbruk
undersøkje kva politiske parti, Sameting, Storting og regjering, Forsvaret, viktige organisasjonar og massemedia arbeider med. Drøfte formelle og uformelle maktforhold i det norske samfunnet. Bli kjende med korleis ulike pressgrupper arbeider med lobbyverksemd og folkeaksjonar og drøfte samanhengen mellom eigne interesser og omsynet til dei andre
hente inn kunnskap om lov og rett, domstolar, kriminalitet og straff. Drøfte årsaker til ulike typar kriminalitet. Vurdere korleis samfunnet reagerer på ulike lovbrot
setje seg inn i levekår, kultur, språk og samfunnsliv for samar i Noreg og i andre land. Bli kjende med faktorar som verkar inn på forholdet mellom samane og det norske storsamfunnet
arbeide med hovuddrag i norsk nærings- og yrkesstruktur. Vurdere den aukande omstillingstakten i næringslivet og diskutere problem og utsikter den ber i seg
10. klasse
HISTORIE - HOVUDLINJER FR&ARING OM LAG 1750 OG FRAM TIL V&ARINGR TID
I opplæringa skal elevane
greie ut om og vurdere dei nasjonale og globale følgjene av den materielle voksteren i etterkrigstida og dei teknologiske nyvinningane i dei ulike primær- og sekundærnæringane og i hushaldning, transport og massemedium
arbeide med utviklingslinjer i det norske samfunnet i etterkrigsåra med vekt på framvoksteren av velferdsstaten. Gjere seg kjende med bakgrunnen for og følgjene av utdanningseksplosjonen, oljeutvinninga i Nordsjøen, den store rolla media har fått, den nye innvandringa, endringane i kjønnsrollene og familiestrukturen, synleggjeringa av den samiske kulturen og det veksande samiske medvitet. Kartleggje hovuddrag ved utviklinga i dei andre nordiske landa
finne ut korleis moderne teknologi har gjort verda mindre og korleis kontakt, handel og samarbeid over landegrensene og mellom kontinenta har vorte stadig meir nødvendig
gjere seg kjende med konfliktar og samarbeid i Europa og elles i verda og med arbeidet for nedrusting, fred og internasjonal rettferd. Vurdere den rolla Noreg har i verdssamfunnet
arbeide med den politiske utviklinga i Europa etter den andre verdskrigen, diskutere problem og mogleg utvikling som følgjer av dei politiske omveltingane i Mellom- og Aust-Europa
samanlikne utviklinga i to regionar i Afrika, Asia eller Sør-Amerika med to regionar i Nord-Amerika eller Vest-Europa med vekt på forhold som har skapt variasjonar i samfunnsutviklinga på ulike stader i verda
GEOGRAFI - EI VERD AV LIKSKAP OG ULIKSKAP
I opplæringa skal elevane
arbeide med befolkningsspørsmål, til dømes storleik, struktur, utvikling, flytting og flukt. Diskutere årsakene til og verknadene av byvoksteren
gjere seg kjende med hovuddrag ved og ulike syn på den globale økonomien, det internasjonale handelsmønsteret og den internasjonale arbeidsdelinga. Søkje informasjon om verksemda til multinasjonale selskap og til det arbeidet som blir gjort av dei ulike organisasjonane i FN
drøfte naturgrunnlag, levevis og levekår i eit utval land frå verdsdelane Nord-Amerika, Sør-Amerika, Afrika, Asia og Oseania
setje seg inn i og diskutere dei store forskjellane mellom fattige og rike delar av verda i lys av FN-erklæringa om menneskerettane. Bli kjende med dei problema som forskjellane skaper og drøfte premissane for berekraftig utvikling
orientere seg om dei geografiske hovuddraga i verda og lokalisere verdsdelane, verdshava, dei største fjellkjedene, innsjøane, elvane og øyane. Arbeide med og gjere seg kjende med busetnad, store byar og kommunikasjonar i regionar og land dei har valt å arbeide med
SAMFUNNSKUNNSKAP - DELTAKING OG STYRING
I opplæringa skal elevane
bli kjende med dei utvida rettane og pliktene dei får gjennom ungdomsalderen. Arbeide med familieøkonomi og med hovuddraga i den norske samfunns- og statsøkonomien
diskutere og vurdere normer for seksualitet, samliv og ekteskap og partnarskap. Drøfte likestilling mellom kjønna, seksuell identitet, abort, fosterdiagnose og samanhengen mellom genteknologi, medisinske nyvinningar og etiske val
arbeide med og utforske ulike typar medium. Øve seg i å ta stilling til ulike typar påverknad, press og reklame. Gjere seg kjende med kva den nye informasjonsteknologien gjer mogleg, og kva verknader han kan få
setje seg inn i politiske tilhøve og styringsordningar i Europa og andre verdsdelar gjere seg kjende med internasjonale samarbeidsorgan i Europa og verda elles
undersøkje ulike vidaregåande utdanningsvegar og kunne få utvikle ei realistisk haldning til ein mangfaldig og skiftande arbeidsmarknad