FUNKSJON.
Når kjøleskåpet blir kaldt inni, leverer det varme til rommet. Ideen bak varmepumpa er den same.
Å installere varmepumpe er ein måte å hente gratis varme frå naturen på. Varmen kan hentast frå vatnet, jorda eller lufta. Ved å tilføre elektrisk energi til ei varmepumpe, kan ein få tilbake 3 gongar så mykje varme som ein tilfører. Ved effektive løysingar kan det bli endå betre resultat.

Frå varmepumpa går det rør ned i jorda utanfor huset, eller ut i vatn eller sjø. I røra sirkulerer kjøleveske som vert oppvarma av jorda eller vatnet. Deretter avgir veska den tilførte varmen til varmepumpa, som leverer varmen vidare til huset eller til oppvarming av vatn.
I bustader er det vanleg at varmepumpa hentar varme frå utelufta eller ventilasjonslufta som går ut av huset.

Installering av varmepumpe har fram til no vore kostbart.
Difor er det mest aktuelt når ein skal:

POTENSIALE.
I 1991 vart det rekna med eit potensiale på 10 TWh, og ein såg føre seg at ved aukande kraftprisar, ville potensialet fram mot år 2000 auke til omlag 20 TWh. Potensiale betyr at det er energireservar vi kan ta i bruk dersom vi vil.

I Noreg var det i 1996 installert 19 000 varmepumper.
I USA var det i 1996 installert 10 mill. varmepumper.