Mini-lysrør.
Sparelyspæra, eller minilysrør som dei også vert kalla, gjev meir lys, men brukar langt mindre energi enn glødelampa. 
Dei kostar meir, men det er mykje pengar å spare ved å skifte ut dei gamle glødelampane med med sparelyspære neste gong lyspæra går.
Vanleg energiforbruk i ei vanleg lyspære er 60W. Tilsvarande for sparepæra er 11W.
Døme 1: Dersom alle husstandar i landet skifta ei 60W glødelampe med ei 11W sparepære, ville ein spare energi tilsvarande energiforbruket tilsvarande ein by som Tromsø.
Døme 2: Dersom alle husstandar skifta ut 3 vanlege pærer med sparepærer, ville ein spare 0,6 - 1,2 GWh. Dette er to Alta-kraftverk eller halvparten av eitt av dei planlagde gasskraftverka. (kjelde: Miljøheimevernet)
 
 
Lyset kan kan inngå i oppvarminga om vinteren.
Glødelampane har likevel ein fordel. dei gjev frå seg varme. Ei 60W lyspære gjev 60W i varme. Det er lite å spare på å slå av lyset i rom som likevel skal varmast opp. Andre stader, som i gangen, utelamper, kjellaren og kjøkenvifta, vil det vere lønsamt å bruke sparelyspærer.

 

Dersom ein har lyset ståande på heile året, vil ein spare 150 kr for kvar pære ein skifter ut med sparepære. Sjå deg rundt i nabolaget, og du vil registrere at det er "moderne" med mange utelampar, som gjerne står på heile natta.
Eit godt alternativ er sjølvsagt å alltid slå av lyset ute og i kalde rom når ein ikkje treng det.

 
Sjå sparetips frå Enøk-klubben.

Illstrasjonen er nytta etter avtale med
Ytre Fjordane Kraftlag og Frå A til Å.

 
 

Ein ny type sparepære frå OSRAM inneheld to sensorar som gjer at lyset tenner ved skumring og slår seg av ved daggry.