Solvarmeanlegg brukar solenergi
til oppvarming av vatn eller luft.
PASSIV
SOLVARME.
Prinsippet bak "passiv solvarme"
er å sleppe solvarmen inn i huset.
Å ha store vindauge
for å sleppe sollyset inn i huset er ei dårleg løysing
fordi vindauga er til vanleg det som gjev minst isolasjon mot kulde.
Illustrasjonen viser korleis
eit glastilbygg kan fange opp solvarmen, gjerne mot ein mørk bakvegg.
Opningar inn i huset, gjev transport av forvarma friskluft inn til opphaldsrom.
I tillegg får ein god effekt av ekstra isolasjon av fasaden.
Forvarming av ventilasjonsluft
frå soloppvarma uterom kan redusere oppvarmingsbehovet med 10 - 25%.
AKTIV SOLVARME.
Prinsippa bak "aktiv solvarme"
kan vere mange, men det viktigaste er at varmen som blir "fanga opp" frå
sola, blir lagra til seinare bruk. På den måten kan solvarmen
bli eit tilskot til energibehovet på dagar med sterkt nok solskin.
Mange trur at solenergi til oppvarming er lite aktuelt i Noreg på
grunn av at vi har lite innstråling frå sola. Dette er aktuelt
midtvinters, med lav sol og korte dagar, men ein veit at det er stort oppvarmingsbehov
om våren og hausten, og til og med om sommaren. Nyttbar solinnstråling
er faktisk større i Tromsø enn i Oslo fordi fyringssesongen
er lenger og fordi der ein stor del av året er lange soldagar.
For å få til det,
må ein ha eit magasin:
Veggen
som magasin.
Ein svart, sørvend
vegg med høg varmekapasitet vil fange opp solenergi. Varmen vil
så forplante seg gjennom veggen og varme opp rommet innafor, også
etter at sola har gått ned. Ein slik varmefangar må kombinerast
med ei ordning som hindrar varmen i å forsvinne ut gjennom veggen.
Vatn
som magasin.
I ein solfangar, t.d. på
taket, tek vatn opp solenergien, og varmen frå sola blir brukt til
forvarming av vatn til vassboren varme og varmevatn. Figuren viser skjematisk
eit slikt anlegg med sirkulasjon av vatn, frå solfangar og til vasstank.
Ein dag sola skin, vil vatnet
i anlegget fort bli oppvarma til 25 grader. Det betyr i praksis at ein
startar med å varme på vatn som er 25 grader i staden for 5-10
grader.
Konstruksjonen av solfangaren
må vere slik at det gjev størst muleg effekt. Mange ulike
utformingar av solvarmeanlegg og lokale variasjonar når det gjeld
innstråling gjer at det er vanskeleg å seie noko generelt om
energiutbyttet.
Norsk
Solenergiforening har rekna ut at vanlege solfangarar som er til sals,
kan gje eit utbytte på 200 - 500 kWh pr. m2. Dette betyr
at eit anlegg med eit areal på 5 m2 vil kunne dekke omlag
30% av behovet for varmevatn i ein einebustad.
Spekuler litt på dette diagrammet. Det er dansk, men kan kanskje ha overføringsverdi til norske forhold. Vi ser at behovet for varmevatn er konstant medan oppvarming av rom varierer med årstidene. Ein stor del av året kan ein nytte solenergien som energitilskot.
Så får ein sjå
litt positivt på det og erkjenne at det trass alt er mange soldagar,
heile og halve, i løpet av eit år.
Andre solsider:
www.batec.dk/
www.ibe.dtu.dk/forsknin