IDEELL ROMTEMPERATUR. 
Den ideelle romtemperaturen finst ikkje. Når ein skal vurdere temperaturnivået, er det avhengig av fleire faktorar, m.a. aktivitetsnivå og alder. 
15 grader er for kaldt dersom ein skal sitje i ro, men kanskje varmt nok i eit rom der ein har fysisk aktivitet, t.d. ein verkstad. 
25 grader er for varmt til at ein kan konsentrere seg og ha god arbeidsevne. 
Ekspertar har gjort framlegg om høveleg romtemperaturar. Desse finn du i tabellen til høgre. 

Dersom ein nyttar golvvarme i staden for omnar, kan ein regulere ned temperaturen i opphaldsrom med 1 grad utan å merke skilnad.

 
 
Framlegg til temperatur
Bad
24 grader
Opphaldsrom 20 grader
Kjøkken
18 grader
Arbeidsrom
18 grader
Gang/entre
15 grader
Soverom
15 grader
  
Mange rom har for høg temperatur. Ved å senke temperaturen i ein normal bustad med ei grad, kan ein spare ca. 400 kr. pr. år.

TERMOSTAT.
Konsekvent bruk av termostatar er nødvendig for å kontrollere at temperaturen, og dermed energiforbruket, ikkje vert for høgt. Nyare teknikk, med elektronisk termostat, reagerer mykje raskare på temperatursvingingar. Omnane koplar oftare ut og inn og det vert jamnare temperatur i rommet.

NATTSENKING.
Temperaturen i opphaldsrom bør senkast med 5 - 7 grader om natta. Nattsenking med termostat gjer dette enkelt. Automatisk nattsenking gjer at romtemperaturen går ned i t.d. tidsrommet 23.00 til 07.00.

SONEKONTROLL.
Automatisk styring av alle elektriske omnar i huset ved hjelp av ei elektronisk styreeining i sikringsskåpet, er ei teknisk løysing som vert brukt meir og meir, særleg ved nybygg.
Anlegget deler bustaden inn i soner. Badet og kjøkkenet kan t.d. utgjere ei sone. Her ønskjer du kanskje god varme døgnet rundt, medan du i stova treng full oppvarming frå ettermiddag og fram til sengetid. Soverommet kan programmerast slik at det er varmt når du skal legge deg, men kjøleg om natta.
Ved hjelp av sonekontroll kan ein også regulere motorvarmar, lys, osb.
Datastyring av anlegg og kommunikasjonsutstyr gjer at ein også kan regulere og forandre lys og temperatur utan sjølv å vere heime.
Ved bruk av sonekontroll kan energiforbruket reduserast med 10 - 20 %.