|
|
Frå gamalt av seiast det at kvar bygd og by skal ha sitt Huldresylv. Dette sylvet skal ha mystisk og eventyrleg opprinnelse. Sylvet til Ørstabunaden er kanskje ikkje så mystisk, av di dette vart utforma etter krigen i 1945, men opprinnelsen til sjølve mønsteret kan vere noko usikkert.
Ørstingane brukte ikkje så
mykje sylv, men det spesielle for bunaden er lommelåsen, Ørstaknappen
og mansjettknappane. Etter kvart har det også kome lås til
kepen, med same utforming og mønster som på mansjettknappane.
|