|
|
PLANTEFARGING: Plantefarging var ein del av bunaden i byrjinga. Ikkje berre tråden til broderia i bunaden, men også mange andre klesplagg. Ulltråd trekkjer best farge. Etter skulestart er det sosialt å gå ut i naturen, ta med ei gryte og plantefarge med det ein finn. Tråden må gjerne beisast før ein går ut. Å beise vil seie å behandle tråden med eit middel, som gjer han tek opp meir farge. Alle
sortar tre og plantar gjev meir eller mindre fargestoff i frå seg.
Tråd og plantar leggjast lagvis eller i ein "klump" i ei panne med
varmt vatn. Vatnet kan halde ein temperatur frå 30-90 grader. Størst
effekt ved varmt vatn. Tråden må ligge i panna minst ein time
før han er ferdig.
MOTIV: Elevane
skal leite i heimen, hjå besteforeldre o.s.v. for å finne gamle
mønster på kle og interiør. Mønsteret skal teiknast
av og redigerast. Gjerne brodere med plantefarga tråd. Kan også
bruke andre teknikkar.
SYING: Eg
vil då vise til sidene med teknikkar.
|