|
|
Budevollen
har gjennom fleire ti-år samla interiør, kle og tilbehør
med og utan tilknytnad, både til dame- og herrebunaden. Det er til
no samla informasjon om alle innsamla gjenstandar i to bøker: «Brudevolltunet
- tilleggsnotat, delsrettingar» (nr.001 - 667) av Ragna Engeset og
«Registreringsprotokoll II for Ørsta Bygdetun, Brudavollen»
(nr.668 - 1521) av Borghild Brekke, med hjelp frå Ragnar Standal.
Bøkene har eg brukt for å beskrive herrebunaden, i tillegg til fleire bilete av dei aktuelle gjenstandane og stoffprøver. Intervju med skreddar Sigvald Tusvik var eit sjølvfylgje, i og med det var han som fekk i oppgåve å nyskape / friske opp bunaden. Behovet for ein mannsbunad
byrja å melde seg ein gong på 60/70 talet og i samråd
med Ørsta Bygdemuseumslag, fekk skreddar Sigvald Tusvik nyskapa
/ friska opp ein bunad i 1975. Malen var ein brudgomsbunad, truleg frå
Digernes, som Johan Digernes (f.09.09.1875) brukte då han gifta seg
i 1906. Denne bunaden var igjen ein kopi av ein enda eldre bunad frå
bygda.
(sit.)
Buksa har gode skrålummer på kvar side framme og linning i livet. I saumen bak er eit 7 cm splitt, og nedom det eit spensel ( ei spenne) frå kvart av innsnitta. Buksa rekk så vidt nedom kneet, der det er linning med tinnspenne. Dei er nyare og tryleg kjøpte til Johan sin 100 års dag. Vesten er enkelspent, med 10 knappar og knapphol framme. Ei vanleg vestelumme på kvar side framme. Halskanten og vesten er skoren i eitt. Ryggen er av grovt ubleit lerret og fòret er òg lerret. Eit 3,5 cm breidt spensel er festa i sidesaumane og samanhalde med eit spensel midt bak. Knappane i trøya og dei litt mindre i vesten er laga av L.H.Hagen c/o Christiania og er pynta med Den Norske Løve. Skjorta er i kvit heillin og på skap som bunadskjorter flest. Berre det at vidda i ermane er halda saman med 4 små folder på kvar side av herdalasken (nedanfor skuldra). Hals og ermelinningane er pynta med musetaggar rundt kantane. Bunaden er sauma av Magnus Unhjem. Skjorta er sauma av Johanne, kona til Johan.» (sit.slutt) |