![]() |
Solund Verft A/S Ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. |
Solund verft |
|
Verksemda i Sponevika vart i 1976 opna av HM kongen. Reidar Engevik var iniativtakaren som planla og fekk bygd opp anlegget. Takka vere hans ihuga innsats og pågangsmot vart verftet ein realitet. Allereie etter tre års drift i 1979, vart verftet slege konkurs. Mykje av årsaka til dette låg nok i store investeringskostnader og hard konkurranse om oppdraga. Sidan starten i 1976 har verftet vore i gjennom to konkursar og fleire eigarskifte. Det har likevel vore nokolunde nær kontinuerleg drift i verksemda i alle desse åra. I dag er det om lag 20 personar sysselsett på Solund Verft.
Båtar som kjem til veftet vert køyrd inn i ei dokk, der båtane står på ei diger plate. Ti store elektrovinsjar lyfter plata opp i nivå med verftsområdet og båtane vert køyrd på skinner til verkstadsplassen eller skipshallen. Verftet driv med vedlikehald , ombygging og klassing i alle variantar. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane nyttar verftet mykje til slikt arbeid. Verftet har også bygd katamaranar for oppdrettsnæringa. |
Solund verft:
Oppstarta i 1976.
Iniativtakar : Ansvarleg for oppbygginga av verftet var Reidar Engevik.
Namnet i 1976: Solund Skipsservise.
Største arbeidsstokk nokon gong: 42
Fyrste konkurs: 1979
Namn frå 1980 : Solund Mekaniske Verkstad A/S
Andre konkurs: 1995
Namn frå 1995: Solund Verft A/S
Eigar: Wergeland Holding
Dagleg leiar: Jan Petter Færøy |
|
Billedserie
Kart |
||
|
|
Tidlegare disponent Jostein Eldøy kom på 80-talet med ein slik kommentar om drifta: "Om det vert smått med oppdrag så kan me ta hagla og skyte ned ei og anna fyrlykt." |
|