Kommunevaapen.gif (1659 bytes)

Buskøy - stein på stein

På Buskøy satsar Einar Bontveit på å overta steinverksemda som foreldra hans har bygd opp.

Stein paa vippen.jpg (8317 bytes)

 

Solund

Einar satsar på å ta fagbrev innan steinindustri.

Du treng ikkje akkurat anstrenge deg for å få auge på steinen i Solund. Konglomeraten spelar seg i ulike fargar og former gjennom det meste av kommunen. Vakrast er kanskje formene og fargane vi finn på Buskøy. Oppvaksen under slike forhold og med foreldre som tidleg satsa på steinindustri, var det kanskje ikkje rart at Einar også fekk interessa for stein.

stein3b.JPG (11116 bytes)stein1b.jpg (4330 bytes)

I 1981 kjøpte foreldra til Einar eiga steinsag slik at dei kunne bearbeide steinblokkene sjølv frå grunnen av. Sidan 1989 har det ikkje vore permanent drift i verksemda. I denne tida har dei mest laga ulike småprodukt på bestilling. Når Einar er ferdig utdanna "steinarbeidar", om eit par år, reknar han med å komme skikkeleg i gang med produksjonen. Einar har nye idear og tankar for produksjon og produkt. Han vonar verksemda på sikt vil gje fleire arbeidsplassar.

 

Konglomerat:

 

Steinslag samansett av ei blanding av ueinsarta minaralar.

 

Konglomeraten i

Solund er samansett av dei 10 mest vanlege minerala i Norge.

 

Alt etter kvar ein

ser på konglomeraten 

i kommunen , vil ein finne at steinane her

har ulike eigenskapar og nyansar.

 

 

 

 

 

WB01512_.gif (115 bytes)

 

fotomarker.gif (1079 bytes)

Billedserie

 

globus.gif (1114 bytes)

Kart

 

Solund

 

WB01511_.gif (114 bytes)

Tekst - foto og kjelder :