![]() |
Kystarboretet Ein frodig oase mellom konglomeratane. Over 3000 tre og vekster ! |
Scarlet Wonder |
|
Over 3000 treslag og vekster 200 meter vest for byggjefeltet Storehaugen på Hardbakke kronglar den nye gruslagde arboretvegen seg mjukt og fint oppover til Kystarboretet. Ca. 3000 kvadratmeter med variert vekstområde er inngjerd av bratte fjellskrentar og eit 2,5m høgt hjortegjerde.
Arboretet har vorte ein kjær og vakker samlingsplass for stadig fleire "grøne fingrar". Stadig fleire legg sundagsturen eller kveldsturen oppom arboretet. Bborn, foreldre, besteforeldre, vener, slekt og turgåarar. Alle borna på Hardbakke har eit forhold til arboretet og til sine plantar og tre. Vi har alle sett ned nokre plantar eller tre som vi fylgjer særleg med.
Jenteskogen, Sandras hage (krydderurter), oppslagstavle, rhododendronhage, kristornfelt, merka tursti til Hop - rundt Ravnenipa, bord og benkar.
Foreldrerådet arrangerer kvart år ein godt organisert dugnad for alle som kan krype og grave etterfylgd av ein skikkeleg triveleg grillfest. Over 100 dugnadsdeltakarar har vorte tald.
Kystarboretet vart oppstarta i 1993 som eit samarbeids -prosjekt mellom Hardbakke skule /Solund ungdomsskule og ulike avdelingar i kommunen (landbruk, kultur, næring og plan og miljøvern). Hovuddrivkrefter i oppstarten og den seinare drifta har vore to lærarar ved Hardbakke skule, Magne Hamre og Geir Ulvik. Arboretet har fått framifrå fin støtte både frå private, kommunen og fylket. Totalt har Kystarboretet med store og mindre delprosjekt motteke over 200.000 kroner i stønad.
Hardbakke skule/Solund ungdomsskule er flittige brukarar av Kystarboretet i til ulike undervisningsrelaterte prosjekt. Døme: Kompostering, fuglar i området, kristorn, krydder, leplanting, vegetasjonshistorie, rhododendron og vassprøver. |
Kystarboretet:
Kystarboretet vart oppstarta i 1993.
Oppstarten skjedde i regi av: Hardbakke skule/ Solund ungdomsskule
Iniativtakarar og hovudmotorar i planlegging, drift og nyskaping: Magne Hamre og Geir Ulvik
Arbeidarar: Elevar, foreldre og andre interesserte.
Tal på ulike plantar: Ca. 200
Rhododendron: over 60 ulike slag
Ca. 3000 m2
500 meter hjortegjerde
Skogreisingsprisen frå Skogselskapet i 1998.
|
|
Billedserie
Kart
|
Til fots i Solund
|
|