![]() |
Til fots i Solund: Det gjort mykje fint arbeid med merking av turstiar i kommunen - Opp frå sofaen, ta deg ein tur ! |
|
Til fots i Solund Turframlegg: |
I 1998 utarbeidde Solund kommune heftet "Til fots i Solund kommune". Heftet er å få kjøpe for kr. 50,- i butikkar og på kommunehuset. Grunnlag for heftet var eit omfattande dugnadsarbeid med merking av turstiar, utført av eldskjeler i idrettslag og skular. Fleire privatpersonar har også lagt ned mykje arbeid i dette prosjektet.
Heftet tek føre seg 20 ulike turframlegg frå heile kommunen. Her er oppgitt lengd og vanskegrad for dei ulike rutene og ei lita skildring av turområdet. Diverre er ikkje alle dei oppsette turane merka slik heftet tilseier. Under Vardefjellet er det sett opp eit døme på eit turframlegg -Hugs at du finn 19 andre turframlegg - med ulik vanskegrad - i heftet. God tur !
|
Krakhellenipa 569 m Pollatind 547 m Sandvikfjell 525 m Meinova 451m Ulvegreina 448 m Vardefjellet 315 m Hellelinipa 295 m Ravnenipa 232 m Husefjell 168 m
NB ! Tilfeldig utval. |
|
Billedserie
Kart
|
Andre turframlegg i distriktet sjå:
Jensbua
|
|