Kommunevaapen.gif (1659 bytes)

Overnatting og turisme

Godt utstyrte hytter og hus til leige for nokre fantastiske feriedagar.

Stein paa vippen.jpg (8317 bytes)

Stein på stein

 

Solund

 

Steinsundet

Færøy

Solund -

Pensjonat

Husvære

Båtruter

Hytter og hus

I Solund kjem det til stadig fleire godt utstyrte hytter og hus for deg som ynskjer ein kystferie. Anten du berre vil finne ein roleg stad for å koble av frå det daglege jaget eller du likar å vere i aktivitet, kan eit opphald i vår vakre - spesielle natur vere noko for deg.

Dei som besøker øyriket vårt legg særleg merke til dei store steinane som ligg over alt i landskapet her, jamvel oppå fjelltoppane.   Likeeins har mange lagt merke til lyset og kveldssola som varmar og malar sommarkveldane i utallige variantar.

 

Rorbuer i Steinsundet.jpg (22771 bytes)

I Steinsundet

Ved Hardbakke finn vi et nytt hytte/rorbuanlegg, drive av Hallstein Steinsund. Her er det 4 store, topp utstyrte husvære til leige året rundt. Dei som bur her kan leige moderne og stødige 18 fots båtar med påhengs for turar, fiske og dykking, ta turen til Vardefjellet, slappe av på kaia eller vasse rundt på badestranda.  Svært mange tyskarar har funne vegen hit.  Herifrå vert det også arrangert dagsturar med reketrålar og turar til Utvær, Noregs vestlegaste punkt.

Tlf. til Hallstein: 577 87252

 

Feroy.jpg (19373 bytes)

Færøy

Med namn på utleigehusværa som: "Broen" , "Lugaren" og "kahytten", freistar Wenche og Hans å lokke turistane til sjøhuset Nystø på Færøy. Namna fortel litt om storleik og utstyr. Husværa med topp standard ligg tett ved hamna på Færøy. Skulle du ha fiskelukke finst her felles sløyerom og frys. Færøy er ei frodig kystperle med mykje vegetasjon.

Skal du til Færøy må du nytte skyssbåt. I Solund er ikkje dette noko problem. Dei lokale skyssbåtrutene er godt utbygd og vertsskapet informerer deg meir enn gjerne om kva moglegheiter som finst.

Tlf:  til Wenche og Hans Færøy 577 87735

 

Solund Pensjonat

Held hus på kommunesentert Hardbakke. Her er er det open kafe og nokså rimelege overnattingsalternativ. Tlf. 577 87205

Eit flott utgangspunkt for ulike aktivitetar i øyriket vårt.

Pensjonatet marknadsfører seg under Jensbua.

 

 

LogoS.gif (3070 bytes)

 

 

 

Jensbua

 

Stiftinga Jensbua

er eit reisemålselskap for HAFS kommunane og Høyanger.

Stiftinga arbeider med å utvikle regionen  til eit betre reisemål.

 

Sjå ellers:

 

LogoS2.gif (1379 bytes)

 

Jensbua

 

 

Utleige av Hus og hytter i Solund

 

Marknadsføring

av mange

hytter, hus, turar

og arrangement.

 

LogoS2.gif (1379 bytes)

 

Jensbua

 

 

 

fotomarker.gif (1079 bytes)

Billedserie

 

globus.gif (1114 bytes)

Kart

 

Solund

 

WB01511_.gif (114 bytes)

 

fsf.gif (1798 bytes)

 

ferje.gif (3933 bytes)

 

snoggbat.gif (1104 bytes)

 

Båtruter til

og frå Solund

 

WB01512_.gif (115 bytes)

Tekst - foto og kjelder :