![]() |
Natur og friluftsliv Her e ikkje akkurat so i byd´n ! Ikkje trafikk, ikkje forureining, ikkje stress, men jammen har vi det godt likevel. |
|
|
Fersk fisk til middag ? Då har du jammen kome til rett stad. Her lempar du berre fiskeutstyret i båten og ror nokre få tak ut frå land, slepp uti snøret. Middagen er redda. Nesten gratis ! Fint for dei som er glad i fisk. I Solund har du det som plumma i egget anten du likar å fange fisk og skalldyr i teiner, fiske frå land eller innaskjers i båt, , fiske i ferskvatn eller ta turen ut på storhavet. Alt ligg klar rett utanfor stovedøra vår.
Kommunen gir fellingsløyve på om lag 200 hjort kvart år. Er du av det slaget likar å smyge rundt i lyngen seinhaustes ? Likar du og å sitte stille til krampa tar deg for så skjelvande, med fingeren på avtrekken, sleppe av eit skot ? Ja - då er det sikkert mogleg for deg å få kjøpte eit hjorteløyve. ellers så vert det gjeve nokre få løyve på sel. Andre vel å jakte på gås.
Mange har funne den store gleda i båtlivet mellom dei vel 1000 holmar og skjer i kommunen. Her finn du båtar i alle variantar: Kajakk, kano, segljoller, havsiglarar, tradisjonelle robåtar, skjærgårdsjeepar, sjarkar, lystbåtar ..... Aktivitetar i og ved sjøen varierer minst like mykje. Det er noko ved sjøen som gir oss ro og glede. Ser vi ikkje sjøen - føler vi oss ikkje heilt bra. På Hardbakke finn du Hardbakke Båtlag som har tilrettelagt og bygd ut om lag 30 trygge småbåtplassar og køyrerampe.
Svært mange sulingar har teke dykkarsertifikat gjennom kurs som har vorte helde lokalt. Dykkarklubben har utstyr til å fylle oksygenflasker.
|
Fotojakt !
|
Til fots i Solund |
||
Billedserie
Kart
|
||
Jensbua marknadsførar eit rikhaldig utval av organiserte friluftsaktivitetar.
Jensbua
|
||