![]() |
Hardbakke Kommunesenter med offentlege kontor og eit variert tilbod innan næring og service. |
![]() |
Offentlege tenester på |
Kommunesenteret har i hovudsak vekse fram frå ca. 1900-talet. Frå å vere nokre få gardar, til å bli eit levande kommunesenter med offentlege tenesteytingar og privat næringsverksemd. Kommuneadministrasjonen har helde hus her sidan 1906.
Vekk frå fjøra ! Tidlegare var tilboda i bygda naturleg konsentrert omkring hamna på Hardbakkevika. Det budde mykje folk på øyane og båten var så og sei einerådande som transportmiddel. No bur det langt færre mennesker i øyriket vårt. Vegane krokar seg rundt på fleire av øyane og mange sulingar har bytta ut båten med bil. Her ligg nok mykje av årsaka til at nye butikkar og offentlege tilbod vert trekt opp i frå fjøra. Hardbakke hadde liten plass for næringsverksemd og parkering ved sjøen.
Satsing! I dei seinare åra har her vore ei markant satsing innan offentlege tilbod og privat næringsverksemd. Sidan 1990 har bygda fått nytt idrettsbygg med basseng, barnehage, bibliotek, barneskule og eldrebustadar.
|
- kolonial / bensin - jernvarer -trelast - klesforretning - aromaterapi - gåver/ blomster - post - tannlege - likningskontor - trygdekontor - lensmannskontor - fiskerirettleiar
|
|
Billedserie
Kart
|
Offentlege tenester på Hardbakke:
Kommunehus med: Kommunal administrasjon - teknisk etat, næring og kultur, miljø og plan, sosial, økonomi , skulekontor.
Ellers finn du i bygda: Barne og ungdomsskule, barnehage, pensjonat, legekontor, idrettsbygg med basseng, eldrebustadar, alders- og sjukeheim, bibliotek, næringsbygg, statlege kontor, prest og kyrkje, drosje og kystarboret.
|
Turist guide for Ytre Sogn
Jensbua
|