![]() |
Solund kommune Vi er ikkje mange, det bles og det regnar oftare enn ferja går men vi trivast godt. |
|
|
Våpen
|
Sulingane held til lengst vest i Sogn og Fjordane fylke. Alt areal i kommunen ligg på øyar, holmar og skjer. Slik kan vi seie at kommunen er størst på fjøre sjø.
Solund er den minste kommunen i Sogn og Fjordane med sine 999 innbyggjarar. Arkeologiske funn på Grønehellaren syner at her har budd folk i over 3500 år. Sidan 1900 talet har kommunen mista ca. 1000 innbyggjarar. Nedgangen i folketalet har vore på om lag 150 berre dei ti siste åra. Likevel har det vore tilflytting til kommunesenteret Hardbakke i same periode. Solund vart eigen kommune i 1854. I kommunen finn du eit variert kultur og organisasjonsliv. Satsingsområde for kommunen og kommunepolitikarane er å snu den negative folketalsutviklinga.
Solund er ein tradisjonell norsk kystkommune der svært mange har kombinert gardsbruk med fiske. I dei seinare åra er mykje av gardsdrifta borte, og vi har fått ei mangfaldig og brei satsing innan fiske, oppdrett og havbruk.
|
Solund kommune:
Ordføraren i Solund Vigdis Midbø, AP
Kommunestyret 1998:
Arbeiderpartiet: 8 Høgre: 5 Senterpartiet: 3 Venstre: 1
|
|
Billedserie
Kart
|
Kommunen har godt utbygd kommunikasjon med omverda. Daglege ekspressbåtar nordover til Askvoll, Florø, Måløy og Selje. Dagleg ekspressbåt-forbindelse sørover mot Bergen og ekspressbåtruter innover Sognefjorden til Sogndal. Ferje frå nordsida av Sognefjorden - Rysjedalsvika og frå sørsida - Rutledalen. Innanfor kommunen finst det eit fleksibelt og godt nettverk av skyssbåtar med faste ruter til øyane i kommunen. På dei få krokete veistubbane vi har, er det eit godt bussrutetilbod.
|
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane : FSF
Skal du til Solund, er det vanlegvis Fylkesbaatane du må lite på.
Rutetabellar
|