OL logo

         Olympiske leikar tek pause

 
     
     

    start 
      Til start  
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     

 
 
    Oldtid     Pause Moderne Paralympics  Oppgåver
 
 
 

 
 
 
 
 

Ingen kan med sikkeheit seie når dei olympiske leikane starta, men dei første vi med kjenner til er i år 776 f. Kr. 
Sannsynlegvis tok det til lenge før den tid, for det verkar som 776- leikane både var godt organisert og hadde langvegsfarande deltakarar. 
Etterkvart som verda gjekk framover, skifta også dei olympiske leikane karakter. Det vart meir og meir viktig å vinne og midla som vart tatt i bruk var ikkje alltid like fine. 
Det blir fortalt at keisar Nero sa klart i frå at den som våga å slå firspannet hans i dei olympiske leikane, måtte rekne med å få gift i drikkebegeret sitt. Keisar Nero sine hestar var dei einaste som stilte til start. 
Det gjekk stadig hardere for seg og dødsfall høyrde til regelen, ikkje unnataket. 
Kristendommen var på frammarsj og leikane streid klart i mot bodet om ikkje å tilbe framande gudar. 
I år 394 etter at Jesus blei fødd, vart dei olympiske leikane forbodne av den romerske keisaren Teodosius. Han var kristen, og han ville ikkje at det skulle haldast idrettsfestar for dei gamle greske gudane. 
Han erklærte leikane for heidenske gjorde eit høgtidleg vedtak på at dei olympiske leikane skulle avskaffast for godt. 
Soldatane hans starta øydeleggingane av Olympia, og jorskjelv og flaum fullførte øydeleggingane av byen. Olympia forsvant under 4,5 meter slam. 
Avskaffa for godt vart likevel ikkje leikane, men det vart ei pause i leikane på meir enn 1500 år.

vurdering 
             Vurderingsskjema
 
 
 

tilbake 
Ei side tilbake