|
Paralympics er ein internasjonal
konkurranse der funksjonshemma frå heile verda kjem saman for konkurrere
utifrå same motto som Olympiske Leikar.
Historia til Paralympics er ikkje lang dersom ein samanliknar med dei
tradisjonelle leikane.
Historia går tilbake tiltida rett etter 2. verdskrig. Det var
doktor Ludvig Guttmann som meinte at idrett var ei god behanlingsform for
soldatar som vart skadde i krigen. Guttmann merka seg at dei funksjonshemma
som dreiv idrett, hadde mykje lettare for å bli integrerte i samfunnet.
Han arbeidde for at ein skulle bruke minst muleg medisin og meir fysisk
trening. Dette var nytt i forhold til den tradisjonelle medisinbehandlinga.
Dei første idrettsleikane for funksjonshemma vart haldne i London
i 1948 - den gong under namnet "Stoke Mandeville Archery Championship".
Desse leikane utvikla seg og talet på deltakarland og sportsgreiner
auka år for år.
Første gong slike leikar vart arrangert utanfor England var
i Roma i 1960, der også OL vart avvikla same året.
I 1976 gjekk dei første vinterparalympics av stabelen i Sverige.
Etter det har vinterleikane også blitt avvikla same året som
OL.
Gjennom åra har talet på deltakarar og idrettsgreiner berre
auka på. Under Lillehammerleikane deltok meir enn 1000 utøvarar.
Paralympics i Nagano i 1998 var dei første leikane arrangert
utanfor Europa.
OL for funksjonshemma har til no ikkje vore akseptert av den Internasjonale
Olympiske Kommite (IOC). Dei har heller ikkje lov å bruke OL-ringane.
Difor bruker Paralympics fem dråpar i sin logo.
Den internasjonale handikapidrettsorganisasjonen (IPC) gjorde vedtak
om at ein kallar seg Paralympics - ikkje Olympic.
Para står for paralegikar som betyr lam frå midjen og ned.
Lympics er henta frå Olympic.
Dei sjette Paralympics Vinterleikane gjekk på Lillehammer i 1994.
Det var første gongen ordinære OL vart etterfølgt av
Paralympics med felles leiing.
|