OL logo

         Olympiske leikar i oldtida

 
 
 
 

OL i oldtida 

OL - for gudane
OL - for fred
OL - for menn
 
 
 
 
 
daglegliv
 
 
 
 

 
    
 

 
    Oldtid     Pause   Moderne Paralympics  Oppgåver
 

 
 hesteløp 
 

Skal vi finne opprinnelsen til dei olympiske leikar, må vi søke nesten 3000 år tilbake i tid. Det var i Hellas det starta, først som ein religiøs fest. 
Grekarane fekk i stand mange slags konkurransar for å glede gudane. Idrettsleikane i byen Olympia var dei viktigaste, og dei vart haldne kvart fjerde år. Deltakarane kom frå byar i Hellas og greske koloniar for å konkurrere etter å ha trena heile året. 
Leikane varte i fem dagar og alle krigar vart stoppa, slik at alle deltakarane kunne reise trygt fram og tilbake til Olympia. 

På den første dagen under dei olympiske leikane blei det halden stor fest for guden Zevs og kona hans, Hera. Etter at elden var tend på eit stort alter, ofra deltakarane til gudane, og alle lova å respektere konkurransereglane. 
Den mest populære øvinga var femkamp. Då måtte utøvarane gjennomføre eit sprintløp på 192 meter, diskoskasting, spydkasting, lengdehopp og bryting. 
I brytekonkurransen var alle mogelege knep tillatne: 
Brytarane kunne bite, dra ut auga på kvarandre og knekkje fingrar, slik at motstandaren vart alvorleg skadd. Av og til hende det til og med at nokon døydde av skadane. Alle idrettsmennene konkurrerte nakne, og dei smurde kroppen sin inn med olje. 
Andre øvingar var boksing, langdistanseløp på 4800 meter, riding og kappkøyring med vogner som vart trekte av fire hestar. 
Elles vart det haldne konkurransar i roping, musikk og springing i fullt krigsutstyr. 
På den femte dagen var det premiutdeling og avslutningsfest. Berre vinnarane fekk premiar, og dei var svært enkle: hovudkransar laga av olivengreiner. 
Det viser at for ein olympisk meister var æra og gjetordet viktigare enn fine premiar. Når han kom tilbake til byen sin, vart han alltid feira av innbyggjarane, og det var vanleg at det vart laga flotte statuer av meistrane. Mange av dei fekk også ete gratis i rådhuset resten av livet. 
 
 

 

  ofring
vurdering 
      Vurderingsskjema 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

 
 

 
tilbake 
Ei side tilbake