OL logo

    Olympiske leikar i moderne tid

 

OL i moderne tid

ideen
sommarleikar
vinterleikar
 
 

 
 
 
langrenn 
 
 

Carl Lewis 
 

    Oldtid     Pause  Moderne Paralympics  Oppgåver
 
 
 
 
 
        Coubertin 
           Pierre de Coubertin 
         
Idrett hadde gjennom mange år ein lav status, men etter kvart begynte sport og idrett å bli akseptert . 
Den franske baron Pierre de Coubertin ivra  for at fysisk trening og idrett måtte få sin naturlege plass i skulen. Han hadde også studert gresk litteratur, og blei fascinert av dei olympiske leikar. 
Under verdsutstillinga i Paris i 1889, blei det stilt ut ein modell av utgravinga av Olympia. 
"Når tyske arkeologar har greidd å grave fram ruinane av Olympia, så må franskmennene kunne blåse nytt liv i dei olympiske leikar", tenkte Coubertin. 
Han såg føre seg ei samla verd på tvers av kulturar, i fredeleg kappestrid. 
Fleire hadde hatt dei same tankane, og på ein konferanse i Paris i 1894 blei den Internasjonale Olympiske Komite (IOC) stifta. 
Her vart det vedteke å arrangere dei første moderne olympiske leikane i Aten 2 år seinare. 
Etter leikane i Aten i 1896 var det krefter som ville at leikane alltid skulle haldast i Hellas. Men Coubertin kjempa gjennom at dei Olympiske Leikane skulle arrangerast i ulike land for på denne måten å uttrykke det internasjonale. 
Leikane i Aten var sommarleikar. Først i Chamonix i 1924 blei dei første vinterleikane arrangert.
vurdering 
     Vurderingsskjema
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
tilbake 
Ei side tilbake
 fram 
          Ei side fram