OL logo

    Olympiske leikar - berre for menn

 

OL i oldtida

OL- for gudane
OL - for fred
OL - for menn
 
 
 
 
 
 Gresk utøvar
    Oldtid     Pause   Moderne Paralympics  Oppgåver
  
 

idrettsmenn 
 
 

Ikkje alle kunne delta i dei olympiske leikane. Deltakarane måtte ha greske foreldre og vere frie menn. Ingen som hadde brote lova kunne delta. 
Kvinner kunne ikkje vere med, dei kunne ikkje eingong vere tilskodarar. Det blir fortalt at dersom det vart oppdaga at ei kvinne var til stades, blei ho kasta utfor nærmaste klippe. 
For å hindre at kvinner lurte seg med, måtte alle deltakarar vere nakne. 
Men ein gong greidde ei kvinne som var utkledd som mann, å snike seg inn mellom tilskodarane for å sjå sonen sin i ein brytekamp. Då sonen vann kampen, blei ho så glad at ho ropte høgt, og dermed blei ho avslørt og arrestert. 
Etter lova skulle kvinna dømmast til døden, men fordi sonen hennar var blitt olympisk meister, blei det bestemt at ho skulle få leve. 

Kvinnene danna etter kvart sine eigne leikar til ære for gudinna Hera. Menn var utelukka frå området under desse leikane og vart trua med dødsstraff. 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

vurdering 
        Vurderingsskjema
 
 
 
 

tilbake 
Ei side tilbake