Innleiing
Dei olympiske leikane har ei lang historie. Vi snakkar gjerne om oldtida
sine leikar og dei moderne olympiske leikar.
Gjennom tidene har det vore tradisjon å arrangere OL kvart 4.
år, men i dag er det arrangement kvart 2. år - ein gong vinter
og ein gong sommar.
Dette er difor eit tema som er aktuelt forholdvis ofte. Opplegget er
utarbeidd generelt og slik at stoffet kan nyttast uavhengig av om det er
sommar- eller vinter olympiade.
Den første timen med nytt tema er alltid ei utfordring. Då
skal elevar få lyst til å arbeide vidare med lærestoffet,
dei skal "tenne" på oppgåva. La elevane snakke saman om OL,
finne ut kva dei trur og kva dei veit. Snakk om norske favorittar og favorittgrein
- aktualiser stoffet.
Bakgrunnsstoffet er presentert kronologisk på denne sida, og det
er lagt inn lenker til evt. fordjupningsstoff.
Det å arbeide med heimesider på nettet er i seg sjølv
motiverande. Men då ein kjenner til at dataparken ofte er begrensa,
er det her lagt opp til at ein også kan ta utskrift og bruke dette
som eit temahefte.
Det er lagt vekt på at tekst og bilete skal utfylle kvarandre
og at ein skal kunne legge opp til differensiert undervisning - tilpassa
alderssteg og evner.
Dette opplegget skal kunne gje alle elevar, uansett evner, ei forståing
av bakgrunnen for OL på ein morosam måte.
Dersom opplegget fungerer etter intensjonen, vil arbeidet føre
til at elevane stiller spørsmål for å få vite
meir. Kanskje kan det utvikle seg til eit prosjektarbeid der lærestoffet
kan nyttast som bakgrunnsmateriale og der lenkene kan vere til hjelp ved
fordjuping.
Oppgåvene er laga slik at det skal dekke L97 sine krav til elevaktivitet
og ferdigheiter: individuelt arbeid, gruppearbeid, praktiske gjeremål,
diferensierte oppgåver, tverrfaglege oppgåver og prosjektmodellar.
Gjennom denne modellen vil elevane bli trena i varierte arbeidsmåtar
som vil forsterke læringsprosessen.
Ein har valt å skilje mellom faktaspørsmål og arbeidsoppgåver.
Spørsmåla er meint som ei oppsummering av det stoffet
som er gjennomgått.
Oppgåvene legg opp til større og meir variert aktivitet.
Det er ikkje meininga at alle oppgåvene skal gjerast. Læraren
må i samarbeid med eleven/elevane avtale kva som skal arbeidast med.
Elevar som treng store, faglege utfordringar bør oppmuntrast
til å jobbe grundig med oppgåver som er meir arbeidskrevjande.
Det er rimeleg at dette emnet har utgangspunktet sitt i samfunnsfag
med vekt på historie. Men det omfattar både tema og arbeidsmåtar
som er aktuelle både i:
Norsk: samtale, rollespel, intervju, skriftlege øvinga
o.s.b.
Matematikk: Tider og tabellar, diagram.
Natur og miljø: Klima - mangfaldet i naturen.
Musikk: Dans
Kunst og handverk: Skulpturar, studie av gresk kunst, logoar.
Kroppsøving: Drama, dans, aktivitetsdag, idrett.
Heimkunnskap: Rett kosthald for gode idrettsutøvarar
Kristendom: Gresk gudetru, kristendommen veks fram.
Klasse og elevrådsarbeid: Medbestemmelse, samhandling
og elevane si eigenutvikling.
Undervisningsopplegget er delt i fem hovudkapittel. Dit kjem ein ved
å klikke i dei farga felta under alle hovuoverskrifter.
Kvart hovudkapittel er igjen delt i underkapittel som ein kan klikke
seg til på venstre side. Det er alltid muleg å kome seg tilbake
til denne sida ved å klikke "til start.
Til slutt skal nemnast at det er lagt ei lenke til eit vurderingsskjema
der elevane kan drøfte med seg sjølv korleis arbeidsinnsats
og læring har vore.
Det er også lagt ei lenke til forfattar si e-postkasse. Her kan
sendast alle typar tilbakemeldingar om korleis arbeidsprosessen har vore.
Lukke til med arbeidet. |