OL logo

              Den olympiske ideen

 

OL i modene tid

ideen
sommarleikar
vinterleikar
 
 
 
 
 

duer

 
    Oldtid    Pause  Moderne Paralympics  Oppgåver
 
 
 
 

Pierre de Coubertin sin tanke med olympiske leikar var å samle verdas ungdom til fredeleg kappestrid på idrettsbana. 
"Det viktigaste er ikkje å vinne, men å delta", meinte han. 

Alle olympiske leikar opnar med eit fantastisk fargerikt arrangement der troppene frå alle deltakarlanda defilerer inn på olympiastadion. Den greske troppa marsjerer alltid først og troppa frå vertslandet avsluttar innmarsjen. Det olympiske flagget vert heist og den olympiske hymna vert spelt. 
Deretter blir det avfyrt ein salutt og tusenvis av duer vert sleppte laus. Duene symboliserer fred og vennskap mellom menneska. 
Så kjem ein løpar med fakkel inn på stadion  og tenner den olympiske elden. 
Ein idrettsutøvar frå vertslandet avlegg det olympiske løftet på vegne av alle deltakarane. 
Så kan vertslandet vise opningsshovet sitt. 
Konkurransane tek vanlegvis til dagen etter opninga og i kvar øving vert det kjempa om gull- sølv- og bronsemedaljar. 
I gamle dagar i Hellas, brukte grekarane å erklære våpenstillstand i den perioden leikane pågjekk. Mange meiner ein kunne gjere det også i dag, men det er ikkje alltid så lett å få til. 
Likevel er dei moderne olympiske leikar ein flott ide. Under avslutningsseremonien tek alle utøvarane kvarandre i hendene og marsjerer ut i fred og fordrageleheit. 
Håpet er at den fredelege kappestriden mellom verdas idrettsungdom også kan forplante seg til forholdet mellom nasjonane. 
 
 
 
 
 
 
 

OL-symbola.

ol-ringar OL flagg elden Ol-løfte
Ringane:
Dei fem samanlenka ringane har fargane blå, gul, svart, grøn og raud. 
Dei symboliserar dei fen verdsdelane. 
Dei symboliserar også brorskap og vennskap. 

 
 
 
 

Flagget:
Olympiske ringar på kvit botn. 
Har vore dei olympiske leikar sitt symbol sidan 1914. 
Flagga til alle verdas nasjonar har minst ein av  OL flagget sine seks fargar i seg. 
 
 
 

 

Elden:
Den olympiske elden er ein tradisjon frå gamle Hellas. Ved ein fakkelstafett blir elden overført til arrangøren frå Olympia i Hellas.  Elden brenn så lenge leikane varer. 

 
 
 

 

Løfte/ed:
"På vegne av alle tøvarar lover eg at vi skal delta i desse olympiske leikane med respekt og lydigheit overfor  dei reglar desse er underlagt, med den rette sportsånd, til idretten og våre lag si ære". 
 
 
 
 
 
 
vurdering 
        Vurderingsskjema
 

 
 

tilbake 
Ei side tilbake