OL - for fred

|
Grekarane trudde på viktigheita av ei sunn sjel i ein sunn kropp.
Derfor blei fysisk trening ein viktig del av grekarane sitt liv. Treninga
starta tidleg, og dette var også med på å utdanne gode
soldatar. Mange av øvelsane som vart utført inneheldt ting
som ein god soldat måtte meistre.
Gode soldatar var nemleg umåteleg viktig. Grekarane bygde byar
der dei slo seg ned. Kvar by, med dei næraste områda rundt,
vart eigne statar. Dei styrte seg sjølve, og dei hadde sine eigne
lover og sine eigne hærar. Dei hadde sine eigne skikkar og sine eigne
dialekter.
Det var ofte krig og uvennskap mellom bystatane. Historia om Hellas
er difor ei forteljing om korleis desse statane kriga imot kvarandre.
Det viktigsate med oppsedinga av gutane var å gjere dei til gode
soldatar som ville ofre alt for staten. Berre dei barna som såg sterke
og friske ut då dei vart fødde, fekk lov til å vekse
opp.Svake og sjuke spebarn vart sette ut i skogen for å dø.
Oppsedinga av gutane var det staten som tok seg av. Når gutane
var sju år, sytte staten for at dei fekk opplæring i krigskunsten.
Dei måtte lære lydnad og respekt for dei som var eldre, og
dei måtte lære å tole harde påkjenningar. Ein gong
i året vart dei piska for at dei kunne ta imot piskeslaga utan å
vise veikskap. Det var ei skam dersom dei gret.
Frå dei var 12 til dei var 30 år gamle, måtte dei
bu i store militærleirar.
Det var ikkje tillate for ein god soldat å flykte frå ein
kamp. Ein god soldat skulle vinne eller døy.
Men kvart fjerde år, i juli månad, heldt hellenarane leikane
sine i Olympia. Då måtte ingen statar vere i krig med kvarandre,
og ingen måtte bruke våpen medan leikane varte.
|