ol-logo

        Arbeidsoppgåver

         
 
 
     
    Oldtida     Pause  Moderne Paralympics Oppgåver
 
 
 
 
 
 

 

Oppgåver

Faktaspørsmål
Arbeidsoppgåver
Det er her utarbeidd ein del arbeidsoppgåver som ein kan velje frå alt etter kva fag ein vil integrere og kva tid ein vil bruke på opplegget. Det er lagt vekt på å lage oppgåver som kan passast inn i dei fleste fag, og ein ser det som naturleg at elevane stort sett arbeider i grupper. 
Her er det berre å plukke fritt: 
 
 

 

1. Tenk deg at ein OL meister frå det gamle Hellas fekk vere til stades under ein sommar-olympiade i vår tid. Korleis trur du han ville opplevd det? 

2.Finn fram kartet av Hellas i atlasen din. Sjå om du kan finne att nokre av stadnamna frå oldtida. 

3.Finn ut kva øvingar dei brukte i oldtida og leik OL på den tid. 

4. Vel eit deltakarland som du vil gjere deg kjend med. 
Finn bilete frå landet du har valt, skriv tekst til bileta og lag ein presentasjon av landet på ein vegg i klasserommet. Fortel litt om landet si historie, kultur, styreform, religion og språk. Bruk atlas og finn ut kva landet produserer, eksporterer og importerer. 
Kanskje kan du finne noko frå dette landet som du kan ta med i klassen? 
Kjenner du namnet på idrettsutøvarar frå dette landet? 
Kva idrettar driv dei her? 
Kva betydning har landet sitt klima og landskap for vinteridrettsutøvarar her? 

5.Ta kontakt med næraste handikapidrettslag/helsesportslag og finn ut kva aktivitetar dei driv. 
Kanskje kjenner du nokon som er funksjonshemma? Inviter vedkommande til klassen for å fortelje om korleis dei leve med eit handikap. 

6.Du er journalist i ei avis i Olympia i år 572 f.Kr. Kva stod det i avisa etter desse leikane? 

7. Lag ei statue i leire av ein atletisk gresk idrettsmann. 

8. Lag og dramatiser ei samtale mellom ein idrettsutøvar frå gamleHellas og ein utøvar frå vår tid. 

9.Kva står OL-ringane for? Bruk atlas og finn dei fem verdsdelane. 

10. Dei olympiske ringane er symbolet på venskap. Snakk i grupper og sidan i klassen om OL verkeleg er med på å fremje venskap. 

11. Les den olympiske eid. 
Du kan ofte les på sportssidene i avisene om trenarar og deltakarar som viser dårleg sportsånd. 
Klipp ut tekstIbilete som viser dette. 
Lag diskusjonsgrupper. 

12. Diskuter i klassen om det finst typiske kvinneidrettar og typiske mannsidrettar. 

13. Sjå igjennom sportssidene i ei avis. Noter om dei ulike oppslaga  handlar om kvinner, menn eller begge kjønn. Sjå også etter bilete. 
Kven er emst avbilda, kvinner eller menn? 

14. Sjå på sportsrevyen i fjernsynet! 
Korleis er innslaga fordelt når det gjeld kvinner/menn i denne programposten? 
Lag eit skjema og noter undervegs. 
Diskuter i klassen etterpå. 

15. Kvinner kunne ikkje delta i leikane i oldtida. Kvifor trur du det var slik? Korleis er det i dag? 
 
16. Vel deg ei idrettsgrein som du er spesielt interessert i. Fortel om denne idretten og lag tabellar som viser resultat med tider og plasseringar. 

17. Ein god idrettsutøvar må tenke over kosthaldet sitt. Lag ein dagsmeny for ein som må ha overskot og god yteevne. Lag desse måltida på heimkunnskapen. 

18. Prøv om du kan lære den greske dansen Zorba. 

19.Lag ein aktivitetsdag der nokre av dei olympiske øvingane er med. 

20. Mål opp og spring eit sprintløp slik dei gjorde i oldtida.

vurdering 
         Vurderingsskjema
 
 
 
 
 
tilbake 
Ei side tilbake