bøker 
         Kjelder  
 

     OL logoOlympiske Leikar  -før og no.

    Fakta - bakgrunn - spørsmål - arbeidsoppgåver

    Undervisningsopplegg for mellomsteget.

     Utarbeidd av Hilde Lødøen, Tonning skule, 6880 Stryn
 

Innleiing

Ol i oldtida 
for gudane       
for fred  
for menn 
 
OL tek pause 
 
OL i moderne tid 
Ol-ideen  
sommarleikar  
vinterleikar  
 
Paralympic 
 
Oppgåver   
faktaspørsmål   
arbeidsoppgåver   
 
 

fasit 

vurderingsskjema 
 
 
 
 
 
 

parautøvar 
 

 
 
 

 
 
 

 
 
 
 
 

    Oldtida     Pause   Moderne  Paralympics Oppgåver
 
 
 
 
 
 
 

Innleiing

Dei olympiske leikane har ei lang historie. Vi snakkar gjerne om oldtida sine leikar og dei moderne olympiske leikar. 
Gjennom tidene har det vore tradisjon å arrangere OL kvart 4. år, men i dag er det arrangement kvart 2. år - ein gong vinter og ein gong sommar. 
Dette er difor eit tema som er aktuelt forholdvis ofte. Opplegget er utarbeidd generelt og slik at stoffet kan nyttast uavhengig av om det er sommar- eller vinter olympiade. 

Den første timen med nytt tema er alltid ei utfordring. Då skal elevar få lyst til å arbeide vidare med lærestoffet, dei skal "tenne" på oppgåva. La elevane snakke saman om OL, finne ut kva dei trur og kva dei veit. Snakk om norske favorittar og favorittgrein - aktualiser stoffet. 

Bakgrunnsstoffet er presentert kronologisk på denne sida, og det er lagt inn lenker til evt. fordjupningsstoff. 
Det å arbeide med heimesider på nettet er i seg sjølv motiverande. Men då ein kjenner til at dataparken ofte er begrensa, er det her lagt opp til at ein også kan ta utskrift og bruke dette som eit temahefte. 

Det er lagt vekt på at tekst og bilete skal utfylle kvarandre og at ein skal kunne legge opp til differensiert undervisning - tilpassa alderssteg og evner. 
Dette opplegget skal kunne gje alle elevar, uansett evner, ei forståing av bakgrunnen for OL på ein morosam måte. 
Dersom opplegget fungerer etter intensjonen, vil arbeidet føre til at elevane stiller spørsmål for å få vite meir. Kanskje kan det utvikle seg til eit prosjektarbeid der lærestoffet kan nyttast som bakgrunnsmateriale og der lenkene kan vere til hjelp ved fordjuping. 

Oppgåvene er laga slik at det skal dekke L97 sine krav til elevaktivitet og ferdigheiter: individuelt arbeid, gruppearbeid, praktiske gjeremål, diferensierte oppgåver, tverrfaglege oppgåver og prosjektmodellar. 
Gjennom denne modellen vil elevane bli trena i varierte arbeidsmåtar som vil forsterke læringsprosessen. 
Ein har valt å skilje mellom faktaspørsmål og arbeidsoppgåver. 
Spørsmåla er meint som ei oppsummering av det stoffet som er gjennomgått. 
Oppgåvene legg opp til større og meir variert aktivitet. Det er ikkje meininga at alle oppgåvene skal gjerast. Læraren må i samarbeid med eleven/elevane avtale kva som skal arbeidast med. 
Elevar som treng store, faglege utfordringar bør oppmuntrast til å jobbe grundig med oppgåver som er meir arbeidskrevjande. 

Det er rimeleg at dette emnet har utgangspunktet sitt i samfunnsfag med vekt på historie. Men det omfattar både tema og arbeidsmåtar som er aktuelle både i: 
Norsk: samtale, rollespel, intervju, skriftlege øvinga o.s.b. 
Matematikk: Tider og tabellar, diagram. 
Natur og miljø: Klima - mangfaldet i naturen. 
Musikk: Dans 
Kunst og handverk: Skulpturar, studie av gresk kunst, logoar. 
Kroppsøving: Drama, dans, aktivitetsdag, idrett. 
Heimkunnskap: Rett kosthald for gode idrettsutøvarar 
Kristendom: Gresk gudetru, kristendommen veks fram. 
Klasse og elevrådsarbeid: Medbestemmelse, samhandling og elevane si eigenutvikling. 

Undervisningsopplegget er delt i fem hovudkapittel. Dit kjem ein ved å klikke i dei farga felta under alle hovuoverskrifter. 
Kvart hovudkapittel er igjen delt i underkapittel som ein kan klikke seg til på venstre side. Det er alltid muleg å kome seg tilbake til denne sida ved å klikke "til start. 

Til slutt skal nemnast at det er lagt ei lenke til eit vurderingsskjema der elevane kan drøfte med seg sjølv korleis arbeidsinnsats og læring har vore. 
Det er også lagt ei lenke til forfattar si e-postkasse. Her kan sendast alle typar tilbakemeldingar om korleis arbeidsprosessen har vore. 
 
Lukke til med arbeidet. 

                     fram 
                                                                                  Ei side fram