Her har frå gamalt av vore ei borg 
 
Strandpromenaden med slotta bak 

Meir om Meersburg 
Kart Meersburg 
Kart Sør-Tyskland 
Kart reiserute 
 
 

. 
 
  To av slotta til Ludvig 2 
 

 
 
 
 Dekorerte hus i Oberammergau 

 
Torget i Garmisch med fjellet Zugspitze i bakgrunnen. 

 Hovudsider: 
Innleiing   
Kielferja  
Autobahn  
Hamburg  
Hameln  
Köln  
Rhindalen 
Sør-Tyskland 

Sør-Tyskland 
Vi tenkte oss så langt sør i Tyskland som det gjekk an å kome, men først tok vi oss ein sving innom Moseldalen, gjennom Schwarzwald og gjorde eit opphald i den kjende kurbyen Baden-Baden. Dess lenger sør vi kom, dess meir likna landskapet på det norske. Vatnet i elvane skifta no farge frå brunt til blankt. Det var tydeleg at vi nærma oss Alpane. Vi var snart nær den sveitsiske grensa, og i det fjerne kunne vi sjå skikkelege høgfjell med kvite toppar. 
Meersburg 
Vi tok ferja over Bodensee og slo oss til i den koselege småbyen Meersburg. Som bynamnet fortel, har her frå gamalt av vore ei borg ved sjøen. Her ligg også to vakre slott, eitt frå mellomalderen og eitt frå barokktida. Naturlegvis har det første fått namnet Altes Schloss (Gamleslottet) og det siste Neues Schloss (Nyeslottet). Det  var under reformasjonen Neues Schloss vart bygt som bolig for den katolske biskopen av Konstanz. Han måtte rømme til Meersburg fordi Konstanz, som ligg på andre sida av sjøen, var blitt protestantisk. Han fekk seg litt av ein flyktningebustad! 
Her var elles mange museer og slike ting, men det mest koselege var å rusle rundt i byen og kjenne på stemninga, som er nokså ulik den ein finn i ein norsk småby. 
 

 

Mektige kongeslott 
På 1800-talet levde det i Bayern ein noko stormannsgal fyrste, nemleg Ludvig 2. Han briska seg med fleire fantastiske slott, m.o.a. Linderhof, Höenschwangau og Neuschwanstein. Dei to siste ligg like ved byen Füssen, nær grensa til Austerrike. Hit svinga vi innom for å ta slotta i nærare augesyn. 
Ludvig 2. levde sine første år på Höenschwangau. Her fekk han innreidd soverommet med opplysbare stjerner i taket. Frå rommet over hadde tenarane i oppdrag å tenne lys kvar kveld når kongen skulle legge seg. På den måten kunne han ligge og sjå opp i sin eigen private stjernehimmel før han somna. 
Etter ei stund fekk han lyst å bygge seg eit eige jaktslott i nærleiken. Det skulle sjå ut som ei mellomalderborg med tårn og festningsverk. Dette slottet fekk namnet Neuschwanstein. Frå Höenschwangau heldt kongen auge med byggearbeidet, som varte i 20 år, men slottet vart aldri heilt fullført. Kongen tilbringa mindre enn 6 mnd. her før han fekk diagnosen sinnssjuk, og like etter drukna han i ein innsjø eit stykke unna. 
 
          
 

Oberammergau 
Berre namnet gjer at ein får lyst til å besøke denne småbyen sør for München. Og vi vart ikkje skuffa. Byen er kjend for passjonsspela som vert framførd kvart tiande år. Då vi var der, såg dei fram til neste spel som skulle vere i år 2000. Heilt frå 1633 har innbyggjarane dramatisert påskebodskapen som takk for at landsbyen vart spard for pesten som herja i landet elles. Mennene lar hår og skjegg vekse langt med tanke på spelet. Etter tradisjonen vert Maria, Jesu mor, alltid spela av ei jomfru. 
Det vi opplevde som spannande, var alle husa med dekorasjonar i barokkstil og med motiv frå passjonsspelet. Ein stor del av husa i og utanfor sentrum hadde slike dekorasjonar. 
 
 

          

Garmisch-Partenkirchen 
I Tyskland ligg ofte to byar eller landsbyar saman på kvar si side av ei elv. Det er også tilfellet her, derfor dobbelnamnet. 
Dei som likar å sjå på nyttårshopprennet, kjenner godt til dette namnet og tenker på vinter og snø. No var her ikkje snø, men vi merka klår og fin alpeluft, og ein del fjellturistar var å sjå i gatene. Langt i det fjerne kunne vi sjå Tysklands høgaste fjell, "Zugspitze". Rundt toppen svinga paraglidarar seg i alpebrisen. Dit kan ein faktisk reise med tog, men det let vi vere denne gongen. 
Vi var nesten komne så langt sør i Tyskland som vi kunne, og berre nokre mil lenger sør låg Insbruck i Austerrike. Det fekk heller vere til ein annan gong. No hadde vi sett nok for denne gongen og tok strake turen nordover. Om eit par dagar ville vi vere i Danmark og kunne ta båten heim att til "gamle Noreg". 



 
Til startside