|
Snart dukka vinmarker opp Borgar og slott såg vi i hopetal
Die Loreleyfelsen Kart Rhindalen Kart reiserute Hovudsider:
|
No starta det eg ser tilbake på som den største opplevinga denne ferien. Snart dukka vinmarkar opp i rekkje og rad på begge sider, og inn i mellom markene slott og borger i hopetal. Du snakkar om historisk grunn! Ikkje rart at Tyskarane kallar denne delen av Rhinen for "Der romantische Rein". Langs bredden låg der små byar og landsbyar som båten gjorde ein svipp innom, for å plukke opp eller setje av passasjerar. Rundt oss på dekket kunne vi høyre begeistra utbrot på mange ulike språk etter kvart som vi passerte nye attraksjonar. Over høgtalaranlegget fortalde dei historier om dei plassane vi passerte. Den mest kjende av desse er vel "Die Loreley", ein fjellknaus på ein stad der elveløpet smalnar kraftig inn. Hit knyt det seg ei segn om ei vakker jomfru som lokka båtførarane til å sjå på seg i staden for å følgje med båten. Det var kan hende godt å ha noko å skulde på om ein gjekk på grunn. Ved elvebredda kunne vi sjå ei statue av denne forførande dama, og høgtalarane spelte den kjende songen med tekst av Heinrich Heine som handlar om det eg her har fortalt. På same måte som fjordane er dominerande i norsk kystlandskap, er elvane ein viktig del av Tyskland. Frå gamalt av var dei transportåre nr. ein. Sjølv dei gamle nordiske vikingane brukte å segle elvane på sine ferder i Europa. Det er ikkje til å undrast over at fyrstane i gamal tid bygde borger og festningsverk for å kontrollere traffikken. Ei viktig inntektskilde var det å krevje toll av dei som passerte. Framleis kunne vi sjå ei gamal tollbod som låg på ein holme. Båttrafikken har ikkje avtatt med åra, snarare tvert om. Tunge, søkklasta lekter kjempa seg mot straumen med sand, asfalt, kol, jernmalm og alle moglege sortar stykkgods. Nokre måtte ha litt assistanse forbi dei verste stryka på veg oppover, men nedover elva gjekk det raskt. Vi gjekk av båten i Rüdesheim, ein typisk liten turistby, omkransa av åssider med vinmarkar. Over byen hadde dei laga ein gangveg inn mellom vinrankane der turistane kunne gå og ta druedyrkinga i nærare augesyn. Langs vegen stod der skilt med opplysningar korleis arbeidet gjekk føre seg frå vår til haust. Ganske interessant! For å finne att bilen vår som stod i Lahnstein, tok vi toget tilbake langs elva. Det gjekk på eit blunk å kome tilbake dit vi starta om morgonen. |