| Köln:
Ruhrområdet Kölnerdomen Tårnklatring Panoramautsikt Shopping
|
Ruhrområdet Köln er ein storby i Ruhrområdet, kjend for industri og fabrikkrøyk, så vi frykta det verste. På vegen til Köln passerte vi ruhrbyane Dortmund, Essen, Duisburg, Düsseldorf og Leverkusen. Alle desse byane heng saman i ein stor halvsirkel med Dortmund og Köln i kvar sin ende. Vi merka at lufta ikkje var heilt god her. Eit slør av dis låg over storbyane og vevde hus, gater og vegar saman i eit stort teppe. Spenninga var no om vi klarte å finne fram til Kölnerdomen i dette virvarret av gater og vegar. Men tyskarane er ordensfolk og hadde skilta tydeleg og greitt, så vi fann vegen utan problem og fekk parkere i eit parkeringshus i nærleiken av katedralen. Kölnerdomen På plassen framfor dei to himmelhøge tvillingtårna stansa eg opp for å ta denne gigantiske kyrkja i augesyn. Det gav meg nesten kink i nakken. Her fekk eg tilnærma same oppleving av høgde som første gongen eg såg opp i Trollveggen. Sjølvsagt er det ikkje Kölnerdomen så høg, men fordi landskapet er heilt flatt, og husa rundt er forholdsvis låge, får ein denne kjensla. Ein skulle tru at ei så svær kyrkje ville opplevast som ein einaste stor steinkolloss, men det var ikkje tilfellet. Murane gav nesten inntrykk av å ver fint kniplinarbeid. Det var ufatteleg å tenkje på at arbeidet med denne kyrkja starta alt på 1200-talet. Kvar henta arkitektane på den tida inspirasjon frå, og kva utstyr hadde dei å hjelpe seg med for å utføre eit slikt arbeid? Ikkje rart at det tok 6-700 år å bygge denne kyrkja! Besøket inne i kyrkja vart litt skuffande fordi dei der heldt på med omfattande opp-pussingsarbeid, og veggar og tak var dekte med stilas. Banking og rabalder frå ulike maskinar var liksom ikkje det vi hadde venta, men heldigvis fekk vi gå inn i eit bakrom for å studere ein del av kyrkjeskattane. Tårnklatring No var spørsmålet om vi ville opp i eitt av tårna. Der var over 500 trappetrinn og ingen av oss er særleg sterke i høgda, så vi tenkte oss litt om. Men døtrene våre hadde lyst, og vi såg mange med dårlegare kondisjon enn oss kome ned i nokonlunde fin form, så vi bestemte oss for å prøve. Turane i Sunnmørsfjella kom no godt til sin rett. Sjølv om steintrappene var bratte, glatte og smale gjekk det fort oppover. Nokre blasserte amerikanarar lurte på om dei ikkje hadde høyrt om heis her, men det var vel meint som spøk, får eg håpe. Panoramautsikt Klatreturen vart lønna med flott panoramautsikt over byen og Rhinen. Storbyane i Tyskland har ikkje mange høghus, berre kyrkjetårn og TV-tårn stikk opp. Alt i mellomalderen hadde Köln 150 kyrkjer, og framleis var talet på kyrkjetårn høgt. Typisk for Köln er at dei ytterste gatene av gamlebyen dannar ein halvsirkel der Rhinen skjærer gjennom sentrum. Opp over elva og under dei tre Rhinbruene vi hadde utsikt til, såg vi store elvelektere og turistbåtar kjempe seg mot straumen. Dei som kom nedover hadde det tydelegvis lettare, dømd ut frå farta. Forundringa var stor då vi oppdaga at der var enno mykje kyrkjetårn att over oss, faktisk like mykje som ei vanleg norsk kyrkje. Men dei som ville opp der, hadde berre ein enkel jarnstige å klatre på, og heldigvis var ikkje denne ruta open for turistar, så vi slapp den utfordringa. Shopping Er ein i storbyen, får ein ta seg tid til litt shopping. Vi besøkte m.o.a. eit stort varemagasin i fleire etasjar med nye vareslag for kvar etasje, ein etasje med TV-apparat, ein med footoapparat, ein med hushaldningsmaskiner o.s.v. Tenåringane våre vart spesielt imponerte over ein etasje full av moderne rulleskøytar. Vi hadde sjølvsagt sett store butikkar i Noreg, men her var det mengden av same vare som imponerte oss. |
|
|