"Prinsesse Ragnhild" Hovudsider:
|
Det viste seg å vere eit klokt val. Ein skulle tru at ein tur med ferje ikkje ville vere noko spennande for ein som brukar Folkestadferja kvar dag til og frå jobb, men dette vart noko heilt anna. Eit ruvande blå- og kvitmåla luksusskip med rederinamnet "Colorline" kom til syne medan vi nærma oss terminalen for Kielferja. "Prinsesse Ragnhild" stod det med store bokstavar høgt oppe i sida på skipet. Dette var altså Kielferja. Hundrevis av bilar køyrde ombord gjennom baugportane og fordelte seg på fleire dekk nedover i skipet. For å kome til lugaren vår, tok vi heis opp frå bildekket. Vi fekk kvar vår gode køye og hadde vårt eige private toalett med dusj. Vi reiste ut frå Oslo på dagtid, og etter å ha slappa av litt på lugaren, tilbringa vi mykje av dagen ute på dekk i sola, medan tenåringsdøtrene våre gjekk på oppdagingsferd på det store skipet. Vi var heldige med veret, og ferda ut Oslofjorden og nedover Skagerak vart svært behageleg. Seinare handla vi litt på taxfree og naut livet i salongane. Eit danseorkester spelte soft music i bakgrunnen medan vi nippa til kveldsteen i aktersalongen. Bak oss vart himmelen etter kvart raudfarga, og vi såg turistskip og seglbåtar forsvinne inn i solnedgangen. Dette starta lovande. Vi fann lugaren og la oss til å sove med ei tilfreds kjensle av at dette ville bli ein vellukka ferie. |