Hamburg: 
Byggestil 
Kanalar 
Rådhusplassen 
Grøn by 
Butikkar 
Baksida 
     
Rådhusplassen 
 
Krigsmonument 
 
Hamburg har 2195 bruer 

 
Sjakkspel i Planten un Blumen 

  
Meir om Hamburg  
Kart Hamburg  
Kart reiserute 

Hovudsider: 
Innleiing  
Kielferja   
Autobahn  
Hamburg   
Hameln  
Köln  
Rhindalen 
Sør-Tyskland 

     
 Hamburg  
Vi valde å køyre inn i Hamburg slik at vi enda opp langs Elben. Ved jerbanestasjonen fann vi oss ein parkeringsplass og byrja å rusle rundt. Sjølv om byen ligg 100 km inne i landet, er han ein stor hamneby for båtar som seglar på dei sju hav. Båtane seglar opp munninga av Elben og lossar og lastar her ved store kaianlegg. Ein sightseeing-tur med båt og guide i hamnebassenget, er sikkert vel verd pengane, men damene mine hadde  ikkje lyst til det. 
Byggestil 
Det var godt å få gå litt no etter så lang tid i bilen, så vi traska i veg  opp til rådhuset. På vegen passerte vi ein del moderne bygg i glas, stål og betong, men det meste av byggningsmassen var halde i raud teglstein. Elles såg vi mange hus i jugendstil med smijernveranda og geranium i verandakasser. Skyskraparar fanst det ikkje, berre kyrkjetårn som peika mot himmels. Eit ruvande minnesmerke frå krigen stod att: tårnet av den ein gong så praktfulle Nicholaikirche. 
Kanalar 
Overraskande var det at mellom gatene og husa var der eit heilt nettverk av kanalar. Reisehandboka kunne fortelje at Hamburg hadde 2195 bruer, medan sjølvaste Venesia berre hadde skarve 400. Men vi korkje såg eller høyrde nokre gondolierar her. Kanskje ikkje så rart. Tyskarane er stolte menneske og vil nok ikkje ha det på seg at dei har kopiert italienarane, sjølv om dei var allierte under krigen. 
Rådhusplassen 
Rådhuset var ei ærverdig gamal bygning i nyrenessansestil med grønt koppartak og høgt klokketårn. Framføre var der eit stort torg tettpakka med folk. Der selde dei først og fremst alle moglege sortar matvarer. Her fekk vi stifte bekjentskap med ekte tysk "Bratworst" og "Sauerkraut". Kanskje litt i feitaste laget ut frå norske matvaner, men greitt nok likevel. 
Rådhuset ligg like ved den lille innsjøen Alster. Det var litt rart, tykte vi, å sjå fullt av seglbåtar på så lite vatn, men her brukar ein tydelegvis det ein har. Innafor bygrensene ligg faktisk fleire små innsjøar, og der det er mykje vatn, er der som regel mykje som veks. 
Grøn by 
Hamburg synte seg å vere ein svært grøn by med uvanleg mykje store lauvtre som kransa gatene og torga. Elles var der store parkar rundt om. Vi tok ein tur til den kjende "Planten un Blumen". Utanom eit hav av roser og andre planter, var der gatekjøkken og aktivitetar for barn og vaksne. Om kvelden kunne ein sjå eit vassorgel der fontener, lys og musikk utgjorde litt av eit show i mørkret. For å kome inn i denne parken, måtte vi passere det store TV-tårnet. Der var dei dessutan i gang med strikkhopping, men ingen av oss vart freista til å prøve oss på slike dumdristige påfunn. 
Butikkar 
Butikkar gjekk vi ikkje så mykje i, men ein tur inn i ei plateforretning måtte vi ta. Dette var noko anna enn Orfeus, vår lokale platebutikk  i Volda! Her var eit varehus med fleire etasjar fulle med alle sortar musikk. At det i det heile tatt finst så mange ulike CD-plater i verda, er heilt utruleg. 
Baksida 
Vi såg også litt av baksida ved ein storby, nemleg tiggarar som låg på fortaua og delvis ute i fotgjengarfelta. Nokre hadde blodete bandasjar og svære sår, så ein måtte lure på om det var "filmtriks" for å skape ekstra medynk. 

Neste side 
Til startside