|
| |
Til å gjennomføre ekskursjonen treng
ein høvelege reiskapar.Ein vil sjølvsagt prøve å finne ein del av dei artane ein
lærte om i førearbeidet.
Plantekroken eller dreggen,kasteriva ,trekantskrapa og vasshåven er gode reiskapar for å
få tak i dyr og plantar som er litt ute i vatnet.Til kastreiskapa knyttar ein eit langt
og sterkt nylontau.Oftast følgjer det med større planter og små innsekt som vert
sittande fast.Trekantskapa skrapar med seg sand og mudder og sjølvsagt smådyr.
Vasshåven er fin til å fange dyr som sym i vatnet.Men her gjeld det sjølvsagt at ein
arbeider så stille som råd.
| Vass-kikert |
Teleskop-håv |
Utstyrspakke |
Det er nesten ikkje grenser for kva du kan få kjøpe av
hjelpemiddel i dei ulike naturfag- katalogane.Mykje av utstyret er svært godt og
nyttig.Likevel veit vi at mange skular manglar slikt utstyr.Årsakene til dette,kan vere
mange.Nokre skular har ikkje prioritert kjøp av slikt utstyr,andre har ikkje
råd.Skilnadane mellom skulane er store også her.Om du skulle mangle utstyr,lag
sjølv!Som ein del av førbuinga kan du integrere kunst og handverk faget og rett og slett
lage vasskikertar, vasshåvar,kasteriver osv.Det er kun fantasien som set grenser.
 |
Kjøp eit kosteskaft og fest
eit solid dørslag-kjøkkensil - til.Dørslaget kan du feste til koste -
skaftet med slangeklemmer.
|
 |
Du lagar kastedregg av to
gamle jernriver - utan skaft - som du surrar ihop med tindane vende frå kvarandre.Knyt
tau i -og kast!
|
 |
Vasskikert kan du lage av ei
gammal bøtte som du skjer botnen ut av.La det stå att ein kant på ca.3-4 cm
nederst.Skjer så ut ein bit av klar,fast plastikk som er litt større enn opninga i
bøtta.Lim fast plastikken på den nederste kanten i bøtta.Bruk vassfast lim .
|
|