|
| |
Her er nokre idear til
presentasjon.
 |
-Mange skular har etter kvart eigne kamera.Nokre har
til og med investert i digitale kamera eller ein video-opptakar.Ta bilete av dei plantene
du finn.Med digitale kamera har du også makro funksjon slik at du kan ta nærbilete av
detaljar.Seinare kan ein laste bileta over på ei eiga mappe på datamaskinen på
skulen.Har du eit vanleg kamera kan du scanne inn bilete og legge dei i ei mappe på
datamaskinen til seinare bruk.Du kan bruke bilete både til vevs-sider eller til
publisering på papir.Vert det teke ein del bilete,har ein også ein fin ide til
presentasjon seinare.Kanskje ei eller fleire av gruppene lagar nokre sider på papir der
dei skriv om ekskursjonen,legg inn bilete og fortel litt om det dei har lært.
|
 |
-Om ein systematiserer bileta kan ein godt lage ei
framsyning på skjerm ved å bruke dataprogrammet powerpoint.Med litt trening vil arbeidet
gå greit.Ei gruppe kunne for eksempel ha dette som arbeidsoppgåve og bruke resultatet i
ein presentasjon for dei andre.Har ein valt kva ein vil presentere før ein startar
feltarbeidet,vert presentasjonen styrande for kva bilete ein tek!
|
 |
-Ei gruppe kan jobbe med pressing av planter.Seinare
vil arbeidet kunne munne ut i ein montasje som viser sonene i sevbeltet.Om ein brukar eit
stort gråpapir ark kan ein teikne strandsona og lime inn plantene der dei høyrer
heime.Kanskje kan elevane skrive det dei veit om plantene og legge det ved i
presentasjonen.Her,og i dei andre oppgåvene, får elevane trening i å stå fram
for andre og fortelje om arbeidet sitt. |
|