Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Tilbake ] [ Planter ] Planter 2 ] Planter 3 ]

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


haustblad.gif (6399 bytes)

Overvassplanter

Duskull , eriphorum angustifolium Honck
Torvull , eriphorum vaginatum L

Duskull er ei av dei vanlegaste plantene ved eit vatn.Planten er lett å kjenne på ein horisontal jordstengel med fleire aks i ein dusk på strået.Blada er renneforma og mørkegrøne.Øverst smalnar blada til ein trekanta spiss.
Torvull har ein kort og rett opp stengel som er svært forgeina .Strå og bladskot kjem i tette tuer.Elles kan ein merke seg at torvull kun har eit aks på kvart strå.På plassen til blomsterdekket sit det massevis av flate hår.Etter blomstringa veks håra ut til dei lange kvite ullmassene som vi kjenner frå myrene våre.Ullhåra sit på frukta som er ei nøtt.Håra hjelper til med fruktspreiinga som skjer ved hjelp av vinden.Ein kan elles merke seg at torvull på mindre våte myrer etterkvart kan vere med å øydelegge sitt eige livsmiljø.Plantetuene som planten lagar, kan etterkvart verte så store og høge at planten får for lite vatn.Dermed vil andre planter som krev mindre fukt,kome inn  og ta over tuene.Ofte vil ein kunne sjå dvergbusker på slike tuer.

Flaskestarr , carex.rostrata

Flaskestarr liknar svært mykje på sennegras både i storleik og utsjånad.Dette er ein stor og svært vanleg starrart i ferskvatn.Han trivst godt enten vatnet er næringsrikt eller næringsfattig.Planten har 2-3 store hoaks,og på same strået sit det 2-3 smale hanaks i toppen.Fargen på planten er blågrøn.I gamle dagar blei flaskestarr på lik line med sennegras brukt til innlegg i skorne - særleg blandt samane.Planten vart også brukt til fôr.Denne starrarten er svært vanleg,og han kan danne tette bestandar på myrer.Elles veit vi at han kan vekse høgt til fjells.På Hardangervidda veks han opp til 1300 meter.

and og nøkkerose.gif (576 bytes)

Flyteplanter.

Andematfamilien.
Andemat , Lemna minor L
Korsandemat , Lemna gibba L
Stor andemat , Spirodela polyrrhiza L

Andemat artane  er mellom dei minste blomsterartane vi har i Norge.Bygninga er svært enkel og det er ikkje enkelt å skilje mellom stengel og blad.Planten ser ut som ei flat skive som er lita, rund eller avlang(2-3 mm brei)Formerer seg raskt vegetativt og driv omkring mellom flyteblad og overvass - planter.Om hausten er  planten full av opplagsnæring og han sig til botnen.Her blir han over vinteren og kjem først oppatt til våren.Hos korsandemat lever skiva nedsenka i vatn,medan ho flyt på overflata  hos dei andre artane.Andemat har berre ei rot hengande under kvar skive.Stor andemat har fleire røter under skiva.Andemat-artane lever i stilleståande vatn i dammar,grøfter eller i verbeskytta viker i innsjøar.I Norge finst andemat langs kysten til Meløy i Nordland,mens korsandemat er funne nord til Verdal.Stor andemat når berre til Lindås.