Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Tilbake ] Planter ] Planter 2 ] [ Planter 3 ]

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


haustblad.gif (6399 bytes)

Langskotplanter

Tusenbladfamilien

Tusenblad, myriphyllum alterniflorum DC

Slekta tusenblad har 3 artar i Norden   og den mest vanlege er M.altiflorum.(Myrios=utallig
- phyllon=blad)Sagt med andre ord - planten har utallige blad.Nedre delen av planten er festa til botnen med ei mengd fine røter.Lengst nede er stengelen omtrent bladlaus - det er stor avstand mellom bladkransane.Lenger oppe er det kortare avstand mellom stengel - ledda og dermed vert det kortare avstand mellom blada.Det sit 4 blad i krans rundt kvart stengel -ledd.Sjølv om stenglane hos tusenblad veks sterkt i lengda,vert dei aldri tjukkare enn nokre få millimeter.
Tusenblad overvintrar utan at planten vert forandra.Planten formerar seg ved vinterknoppar -greinspissar som fell av om hausten.Desse slår rot om våren og dannar nye plantar.Elles formerer planten seg vegetativt ved bitar av stenglar som stiklingar.Tusenblad er ei vanleg vassplante i Norge.Planten er lite næringskrevjande.

 

 
Hestehalefamilien.-hippuridaceae

Hestehale,hippuris vulgaris L

Planten har snellelignade skot med tette bladkransar som strekkjer seg opprett over vassflata.Stengelen held seg flytande p.g.a bygninga.Stengelen er innhola og omgitt av fleire langsgåande rør.Stengelen sitt volum er med andre ord dominert av luftvev. Hestehale formerer seg vegetativt.Vi finn planten på grunt vatn i innsjøar,dammar,bekkar og grøfter.


and_og_nøkkerose.gif (1383 bytes)

 

Kortskotplanter.

Tjønnegras  ,littorella uniflora L
Tjønnegras er ei lita plante - ca. 5 - 8 cm høg.Ho er fleirårig.Ho har sitt utspring i ein bladrosett.Blada er tjukke og sylforma.Blomane er ein kjønna og arten er sambu.Tjønnegras trivst veldig godt på langgrunne sandstrender.I lag med artar av siv,sivaks og starr,kan dei lage tjukke plantematter.Felles for alle desse plantene,er at dei har same type blad.
Tjønnegras finn vi i Norge på austlandet og nord til Dovre.Elles har vi spreidde funn nord til Lurøy og Buksnes.

tjgras2.jpg (6499 bytes)

 

Stivt brasmegras , isoëtes lacustris L

I Norge har vi to artar av familien isoëtes.Det er stivt og mjukt brasmegras.Dei lever på botnen av innsjøar som ikkje er altfor næringsrike.Heile planta består av ein rosett av sylforma blad som er festa på ein kort knollforma stengel.Planta er festa i botnen med sterke rottrådar.

animert_peikar1.gif (260 bytes)