|

AUGESTIKKARLARVAR
Det finst fleire typer
augestikkarlarvar.Libellelarvane er store og kraftige rovdyr. Vassnymfe- larvane er rovdyr dei også.Dei har tre fjør
bakerst på kroppen.Dette er utvendige gjellar. Han brukar dei også til å symje
med.Elles andar dei med ein slags gjelle i ende - tarmen.Det er berre larvane som lever i
vatn. Somme lever mellom vegetasjonen medan andre lever i mudderet på botnen.Auge -
stikkarane er grådige rovdyr både som larvar og som vaksne.I det augestikkaren går til
angrep brukar han vannjeten.Han syg vatn inn i baken og pressar det utatt med stor
kraft.Med stor fart skyt han fram underleppa som er forma som ei tong og grip byttet.Dei
lever av alt dei kan fange - til og med fiskeyngel.Dei fangar kun byttedyr som er i
bevegelse. Sjølv står dei på matkartet til fisk,ender,vasskalvar m.m.Larvane kan leve
2-3 år i vatn før dei blir til insekt som kan flyge.

Døgnfluge larve.(10-25mm)
Døgnflugelarvane er lette å kjenne
igjen på dei 3 lange haletrådane og dei utvendige gjellane på bak
kroppen.Larvetida varer frå 1 til 3 år.Dei vaksne innsekta tek ikkje til
seg næring og døyr fort.Hannen lever nokre få timar medan hoa kan leve opp til 2-3
veker.

Vårflugelarvar.
Larvane manglar antenner og har ein
mjuk bakkropp med to krokar bake.Bakkroppen er tynnhuda og mjuk og blir verna av eit
rørforma hus som han lagar seg av eit silkespinn eller av plantedelar eller småstein.Dei
finst både i rennande og stilleståande vatn.Somme artar lever av plantedelar,andre er
rovdyr og nokre et både planter og dyr.Sjølv vert dei etne av fisk,ender,vadefuglar osv.

Stikkemyggar.
Larvane finn du først og fremst i små
dammar og mellom vegetasjonen som grensar opp til dammen.Det er sjeldan å finne dei i
dammen.Dei vert i så fall oppetne av ørret før dei vert klekt til vaksne individ.Larven
sym ved og bukte og bende kroppen i raske rørsler.Han har eit pusterør bakerst på
kroppen.Difor kjem larven ofte til overflata for å puste.Når puppane vert svarte,er det
like før dei vert klekte -så blir dei til mygg.Stikkemyggane har stikkereiskapar og lang
sugesnabel.Men det er berre hoene som syg blod.Dei må ha blod dersom egga skal bli
mogne.Dei fleste av oss veit (har kjent) konsekvensane av det!
Larvane lever av mudder og små partiklar som flyt rundt i vatnet.Sjølv vert dei etne av
fisk,ender,vasskalvar og augestikkarlarvar .

|