Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] [ Innleiing ] Forarbeid ] Feltarbeid ] Etterarbeid ] Planter ] Dyr ] Ordforklaringar ]

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


 

dam3.jpg (11172 bytes)

 

Folk flest har kjensle av at det er ein skilnad mellom omgrepa innsjø og dam.Innsjøen er eit område med mykje vatn,stor utstrekning og ei viss djupte. Det spesielle med ein dam,er at han er grunn og ofte stille ståande. Ja,han er på mange måtar ei samanhengande  strandsone.Lyset når  ned til botnen, og det gjev livsrom for at vassplanter kan vekse der.Plantene i sin tur gjev mat til ulike dyr og ikkje minst vern mot fiendar.Stilleståande vatn er ofte oksygenfattig,men det behøver ikkje vere det.Dessutan vil stilleståande vatn ofte vere gjørmete og svært skittent ved botnen.Då seier det seg sjølv at det kun er dyr og planter som toler ein slik biotop som kan leve der.Etterkvart vil vi sjå litt nærare på dei ulike livsformene knytt til dammen - i hovudsak planter og dyr.Opplegget er best tilpassa læreplanen for natur og miljøfag  for 7.klasse.