Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Innleiing ] [ Forarbeid ] Feltarbeid ] Etterarbeid ] Planter ] Dyr ] Ordforklaringar ]

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


 

Gjennomføringa av ein god ekskursjon heng nøye saman med eit godt førearbeid.Arbeidet bør nok starte allereie om hausten når ein legg halvårs/ planane i dei ulike faga.Her plottar du inn når du vil gjennomføre ekskursjonen.

I meir detaljert arbeid seinare vil ein kunne plotte inn: perm1.gif (2731 bytes)
Kor mange timar som skal disponerast.
Kva fag som skal integrerast.
Kva lærarar / assistentar som er tilgjengelege.
Fordeling av arbeid mellom lærarane - (assistentane).

Skissere mål for ekskursjonen.
            

I neste omgang er det kanskje fornuftig å sjå etter hjelpemiddel - både til førbuinga-ekskursjonen og etterarbeidet.

bøker
videoar
plansjar osv.

For ekskursjonen som går til ein dam,vil følgjande videoar vere nyttige.
Katalognr. knyter seg til videoar frå AV sentralen i Volda sine katalogar.

 

Dammen Katalognr.9539034
(10 min)
Her lærer vi om vårflugelarvar og husa deira. Dessutan ser vi på ryggsymjaren og augestikkaren. Augestikkaren er nymfe og har ikkje puppestadium.
Vi ser på utviklinga frå larve til vakse individ.
Kunsten å gå på vannet. Katalognr.9710006
(15 min)
Her lærer vi om livet i overflata-overflatehinne og overflatespenning.Du lærer også å lage rimelege håvar + anna praktisk ekskursjonsutstyr.Du møter vannløparen,teger,kvervlarar,ryggsymjarar,mygg- larvar og vasskalvar.
En jeger i tjernet Katalognr.9711006
(15 min)
Her ser vi på vasskalven gjennom heile livssyklusen. Vi lærer å lage vasskalv-feller og dyrke  pupper fram til vaksne biller.
Forvandlingen Katalognr.9712006
(15 min)
Augestikkaren sitt livsløp vert gjennomgått.Spesielt med vekt på omvandlinga som skjer ved forpuppinga. Vi lærer å skilje mellom nymfer og libeller.
Når nøkkerosen blomstrer. Katalognr.9715006
(15 min)
Vi ser på nøkkerosa sin plass i økosystemet.Vi lærer korleis planta formerer seg og korleis det vert transportert luft ned gjennom stengelen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Andre bøker og hefte som kan vere nyttige:

Dyreliv i vann og vassdrag.
(Cappelens felthandbøker)
Inneheld oversikt over utstyr vi treng til ein ekskursjon. Bilde av svært mange dyr. Dessutan tekst til kvar enkelt dyr og dyre- gruppe.
Dyre og planteliv.
(Miljølære i grunnskolen.)
Fine idear til dei ulike arbeids - operasjonane i ein  eks- kursjon.Omtalar dyr og planter i eit vatn.
Ekskursjon til ferskvann.
(Botanisk institutt-Bergen.)
Ei fin handbok for læraren.
Smådyr i ferskvann.
(Tapir forlag)
Ei illustrert oversikt over dei vanlegaste gruppene av virvellause dyr og amfibiar i ferskvatn.

 

 

 

 

 

 


Førearbeidet i lag med elevane bør ha ein motiverande overtone.Ein bør ikkje la arbeidet verte så omfattande at elevane vert leie før dei drar ut på feltarbeid.Elevane bør bli kjende med nokre dyre og planteartar på førehand.Glede ved gjenkjenning! Dessutan bør ein verte samde om nokre hovudtrekk ved etterarbeidet - og eventuelt korleis gruppene skal presentere stoffet.

papirfly.gif (681 bytes)

 

animert peikar1.gif (260 bytes)