Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Tilbake ] [ Feltarbeid ] Skjema ] Reiskapar ]

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


 

 

Slik kan du utføre ekskursjonen.

Det er viktig at ein går stille ned til dammen slik at smådyra ikkje blir skremde og gøymer seg.

På litt avstand kan elevane sette seg ned og studere dyra.Kanskje ser ein dyr som spring på overflata?Er ein heldig, får ein sjå fisk som tek dyr som heng i eller spring på overflata.Kanskje elevane veit namnet på nokre dyr?

Så kan ein gå heilt ned til dammen.Her legg elevane seg ned og kikar ned i vatnet - ev. brukar vasskikert.Her kan ein sjå etter dyr som bevegar seg på botnen.Nokre sym andre går.Kanskje elevane kjenner att nokre dyr frå førebuinga av ekskursjonen?

Ta fram håvane.Prøv å fange dyr med dei.Ha dei over i plastkaret som på førehand er fyllt med vatn.Seinare kan ein ha dei over på eit glas.(Mini-akvarium.)

Bruk trekantskrapa til å få med dyr som lever på botnen.Bruk nettingkassa til å sile vekk stein og sand .Ha dyra over i plastkaret.Ta dei med tilbake til skulen.

Ta med nokre planteartar frå strandsona .Dei artane som er for langt ute til at du kan plukke dei,brukar du kasteriva til å få tak i.Rykk til når kasteriva har festa seg rundt nokre planter.Dra plantene forsiktig inn til land.Ta med plantene tilbake til skulen.