|
Feltarbeid Skjema Reiskapar
| |
Elevane er inndelte i grupper og dei ulike arbeidsoppgåvene
er gjennomgått.
Kvar gruppe har med:
 |
- nokre mininøklar til artsbestemming , f.eks
smådyr i og ved ferskvann
|
 |
- glas eller lite plastakvarium til å putte smådyr
i.
|
 |
- kasterive med tau.
|
 |
- håv.
|
 |
- trekantskrape.
|
 |
- kvitt plastfat .Det er lettare å sjå dyra mot
kvit bakgrunn.
|
 |
- ev. ei lita nettingkasse til siling av stein og
sand.
|
 |
- notisbok ev. ark og blyant.Dersom ein brukar skjema til å notere dyr/planter i ,bør dette ligge i plastmappe.
|
Til felles bruk for gruppene tek læraren (andre vaksne) med:
 |
- nokre felthandbøker f.eks Smådyr i ferskvann
eller Dyreliv i vann og vassdrag. |
|
|
 |
- eit kamera!Det kan enten vere eit vanleg
kamera,eit digitalt kamera eller eit videokamera.Er ein råflott og har god råd,kan ein
kanskje bruke fleire typer kamera.Etterarbeidet blir då styrande for bruken.
|
 |
- ein eller to artsbetemmingsdukar - Smådyr i og
ved ferskvatn.Har ein øvd litt på førehand,er artsbestemmingsduken fin til finne ut kva
for eit dyr ein har med å gjere.
|
|
Slik brukar du bestemmingsduken:
Studer dyret du fann under lupe for å finne så
mange dataljar som mogleg.Begynn lengst til venstre på duken der det står:Kor
mange bein har dyret?Studer dyret og tel beina.Så vel du den linja der talet på
bein er det same som på ditt dyr.Følg så linja mot høgre til du må velje igjen.Studer
kva du kan velje mellom.Studer dyret på nytt.Velg deretter den linja der du finn det som
best passar saman med ditt dyr.Hald fram mot høgre til du finn eit bilete av eit dyr
eller ei dyregruppe.
Stemmer dyret overens med biletet?
Om det ikkje stemmer, må du prøve ein gong til.Kanskje har du funne ein mindre kjent
art.Bruk i så fall ei oppslagsbok. |
Duken er laga av vannavstøtande plast.Han kan spylast og vaskast.

|