 |
-kanskje ein har lyst til å prøve seg på
augestikkaroppdrett?
Augestikkaren et berre ting som bevegar seg - som meitemakk og andre smådyr.Larvane er
konstant svoltne,så vi må passe på og fore dei.Vi kan lure dei til å ete stykke av
kjøt og fisk ved å plassere desse på ein pinne og bevege stykka fram og tilbake.Dersom
vi er heldige trivst og veks larvane.Etterkvart bør vi legge på plass planter eller
pinnar som stikk opp av vatnet i akvariet.Så kjem dagen då den heller stygge larven kjem
opp av vatnet og blir sittande....og vente! Til slutt sprekk huda i ryggen - omlag
som når ein opnar ein glidelås -og ut av hamen(skalet) kjem eit insekt.Så sit han der
og tørkar og vil etter ei tid ta laust på sin første flygetur.Spennande!
|
 |
Elles er augestikkarlarven fin til å gjere forsøk
med:
Prøv å føre handa fort over akvariet.Kva skjer?Kvifor skjer dette?Vil det halde fram
med å skje?Kvifor /kvifor ikkje?
Mange spørsmål - og mange svar.La elevane gruble litt.
Ein skugge som kjem ovanfrå utgjer ein mogleg fare for insekt som
er i eller heng i overflata.Dei stikk då til botnen.Dersom du gjer dette ofte,vil insekta
etterkvart slutte å reagere.Insekta venjer seg til at skuggen er ufarleg og reagerer
difor ikkje.Dette kallar vi tilvenjing.
|
 |
Vi kan også gjere forsøk for å finne ut korleis
vannløparen kan springe på vassflata.Kvifor vil han ikkje falle igjennom?
Her høver det godt med å bruke ein binders som ein slepp forsiktig ned på vassflata og
vi ser at han ikkje dett i gjennom.Overflate hinna eller spenninga held han oppe.Kva skjer
om du tilset litt såpe i vatnet?Prøv!Her er rom for mange meiningar og ein god
diskusjon.
|
 |
Eit anna interessant forsøk er å sjå kva som
skjer om vårflugelarven vert fråteken huset sitt.Om vi fann vårflugelarvar
på ekskursjonen ,kunne vi putte dei på eit glas og ta dei med til skulen.Eit
vårflugehus er ope i begge endane.Vil du ha ut larven,kan du kile han med ein pinne i ein
enden.Då kjem han ut.Tak vekk huset og legg inn bittesmå farga perler eller
mosaikkfliser av tre.Etterkvart vil han bygge seg eit nytt hus.
|