Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Tilbake ] Dyr 1 ] [ Dyr 2 ] Dyr 3 ]

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


snigel.gif (538 bytes)

Vasskalvlarve:
Larven er ein skikkeleg råtass.Han har ikkje nokon munnopning,men han har kraftige innhola kjevar som han grip byttet med.Så sprøytar han inn meltingsvæske i byttet.Deretter syg han næringa i seg gjennom kjevane.

Han lever av alle dyr som han kan få kjevane i.Han et svære mengder rumpetroll og fiskeyngel.Han vert sjølv eten av fisk,ender, vasskalvlarvar og augestikkarlarvar.

 

lys_grøn.jpg (2587 bytes)

Ryggsymjar:

Ryggsymjaren er ei tege.Ho er svært flink til å flyge og  kan trekke over lange strekningar.Ho likar seg best i vatn med mykje vegetasjon.Ho lever i det øvste laget av stilleståande vatn.Både nymfer og vaksne sym med ryggen ned.Til vanleg vil du sjå dyret hengande i ro like under vassflata.Her heng det fast i overflatehinna.

Ryggsymjarane har med seg luft som dei gøymer i hår og holrom på undersida av kroppen.Lufta tek dei inn gjennom to opningar i bak - kroppen.Ho lever av alle slags vassdyr - men buksymjaren er fast på menyen. Elles tek dei alle dyr dei kan få tak i som mygglarvar og fiske- yngel.

Ryggsymjaren står på menyen til fisk,ender,vasskalvar og augestikkarar.
Ta helst ikkje i ei tege.Ho kan bite så det gjer vondt.Somme stader vert ho difor kalla vannbie.

 

lys_grøn.jpg (2587 bytes)

 

Buksymjar:(5-16 mm)

Buksymjaren er også ei tege.Ho lever helst ved botnen på grunt vatn.Av og til må ho til overflata for å hente luft.Ho stikk øverste delen av hovudet over vatnet.

Ho lever av algar og rotnade planterestar og vert sjølv eten av fisk,ender,
vasskalvar og ryggsymjarar.

lys_grøn.jpg (2587 bytes)

 

Kvervlar:(4-7 mm)

Dei to bakerste beinpara vert brukt som årer.Med desse sym han rundt i ring på overflata.Vert dei skremde,dykkar dei lynsnart.På jakt kan dei dykke ned til 5 meters djup.Elles lever dei vanlegvis på grunt vatn inne blandt vegetasjonen.Augene er todelte der den eine delen ser framover medan den andre delen ser rett ned i vatnet.
Han lever av små dyr og åtsel på overflata.Han er sjølv føde for fisk,ender og rovinnsekt.

 

animert_peikar1.gif (260 bytes)