Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Innleiing ] Forarbeid ] Feltarbeid ] Etterarbeid ] [ Planter ] Dyr ] Ordforklaringar ]

Planter
Planter 2
Planter 3

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


haustblad.gif (6399 bytes)

PLANTER.

Dei største produsentane i ein dam,er først og fremst planteplankton - algar.Eg vel likevel i det følgjande å skrive om stengelplantene fordi desse er lette og studere utan bruk av mikroskop.

Stengelplanter:
For lenge sidan vidareutvikla stengelplantene seg frå å vere algar.Med  dette tilpassa dei seg eit liv på land.Utviklinga førte med seg at plantene fekk rot,stengel og blad noko som algane ikkje har.Seinare har utviklinga på ny ført til at stengelplanter tilpassa seg vatn.Eit absolutt krav måtte då oppfyllast:Det måtte skaffast luft til alle organ - også dei som står under vatn.Løysinga er at desse plantene har eit svampete luftfylt vev som leier luft heilt ut i dei ytterste delane av planten.
Bladskaft og stenglar har lite støttevev,men det gjer til gjengjeld at planta vert meir mjuk og bøyeleg noko som er naudsynt i straum.

Alt etter måten og staden plantene veks,deler ein dei opp i 5 grupper. Eg tek berre med nokre eksempel  frå kvar gruppe:

greiner.gif (3058 bytes)

Gruppe 1 Overvassplanter:

Hos desse plantene er rota og litt av stengelen i vatn.Blad og blomar er over vatn.Rekna frå land er dette den første gruppa.Ofte seier ein at plantene i denne gruppa høyrer til sevbeltet.

-soleiehov
-grøftesoleie
-sumpmaure
-minneblom
-lyssev
-knappesev
-duskull og torvull
-flaskestarr

Gruppe 2 Flyteplanter:

Plantene flyt fritt i overflata.Vi har 3 artar i Norge.

-andemat
Gruppe 3 Flytebladplanter:

Røtene er festa til botnen,medan blada flyt på overflata -derav overskrifta.Flytebladplanter finn vi like utanfor området til overvassplantene.Stenglane og/eller bladskafta kan vere fleire meter lange.Plantene er slakke og vert haldne oppe av oppdrifta i vatnet.Tek vi dei ut av vatnet,dett dei ihop.Spalteopningane sit på oversida av blada.

--gul nøkkerose
-kvit   nøkke-rose
-vanleg tjønnaks
-kysttjønnaks
-rusttjønnaks
-flotgras
Gruppe 4 Langskotsplanter:

Plantene har lange stenglar med blad nede i vatnet.Plantene kan flyte fritt eller dei kan vere festa til botnen med røter.


-klovasshår
-småvasshår
-hestehale
-blærerot
-tusenblad
Gruppe 5 Kortskotplanter:

Planten veks på botnen og har kort stengel så blada vert oftast ståande i ein rosett.Underlaget er gjerne sand og grus.Om det vert for mykje mudder i vatnet,vert rosettane tildekte og det vert for lite lys.Det toler dei ikkje.Også myrtilsig vil vere med å gjere vatnet brunt og såleis begrense lystilgangen.

-botnegras
-tjønngras
-stivt brasmegras

 Her kan du finne bilete av plantene.Dersom du sjølv vil leite etter bilete på veven,bør du søke med den latinske nemninga.Det er då oftast lett å finne dei ulike bileta du er ute etter.

animert_peikar1.gif (260 bytes)